Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.

Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.
I morgontimane i dag har det vorte skote ein hannjerv på 13,3 kilo på Kårvatn. Todalen.no har desverre ingen bilder av jerven, da den allereie er vorte frakta til Surnadal slik at Statens Naturoppsyn får besiktige den.
Les heile sakaSjølv om mange no lengtar etter våren, var det i januar bileta av mørk og stemningsfull vinter som var mest populære. Månelyst, av Kristine Saksen Ulvund, og Vakre Todalen, av Oda Halle, fikk flest stemmer, men Månelyst fikk ein knepen seier.
Les heile sakaSom dei aller fleste har lagt merke til, så er Kristine Saksen Ulvund ein aktiv fotograf. Ho er ein av todalen.no sine faste bidragsytarar, med motiv av det meste. Vi har tidlegare òg omtala at ho har nokre bileter utstilt på Elisabeths Atelier i Trondheim.
Les heile sakaVi har fått melding frå Søya om endring i treningtider i idrettshallen. I meldingen står det: «På grunn av andre aktiviteter som kolliderer med våre planlagte treningsøkter har J12 fått et par ekstra treningstider i Surnadal Idrettshall. Dette er søndag 13. februar kl 1730-1900 og torsdag 24. februar kl 1630-1800. Og deretter blir det som planlagt trening lørdag 5. mars kl 1130-1330. Ta kontakt med trenerne Svein Inge Kvande eller Nils Bæverfjord hvis du har spørsmål om treningene.»
Se ellers fullstendig oversikt over alle Søya’s treningstider i idrettshallen her
Med sol frå skyfri himmel var det ypperleg utgangpunkt for eit streiftog rundt bygda for å sjå på folkelivet. Det var kaldt, med variasjonar mellom 8-9 ned til 16-17 kuldegrader. Kuldegrader i flest antal var det i Brusetmarka, med nær 17 kuldegrader. Men sola hjelpte på, og det var no i sola det var størst aktivitet blant folk.
Les heile sakaLaurdag var Jon Bruset på tur til Romådalen. Han rapporterer om godt føre og god temperatur. Det var 16-17 kuldegrader på Småhjellå da han dro ut, men betyeleg mildare i høgda. Og så var det fin sol! Han har sendt oss nokre bilde fra området rundt Haukarsteinen.
Les heile sakaEr du på utkik etter hus eller bolig, så har du sjansen her. Eineboligen Halsen, som ligg like ved Halsabrua er til salgs. Huset har eit bruttoreal på 177 m2 med bruksareal på 159 m2 og 3,1 mål tomt. Det er 4 soverom i huset som har kjellar og 2 etasjar. Fellesvisning onsdag 16. februar kl 16 – 17, eller etter avtale.
Les heile sakaDan første skikkelige kaldnatta i februar overraska nok mange. Den digitale temperaturmålaren her i huset viste -15,9 som minimumstemperatur, men Jon Bruset melder om -16,4 på Småhjellå i natt. Og kulda vil nok fortsette. Det er meldt minimumstemperaturar på rundt -10 i heile neste veke.
Les heile sakaSist i februar blir det høve til å utvida kokkekunstene sine. Då arranger Todalen Sanitetsforening kurs i asiatisk matlaging på nybegynnarnivå. Kurset er i første omgang mynta på damer, men ved behov er det visstnok ikkje noko i vegen for at karar kan ha sitt eige kurs. Kurshaldar blir Mali Nognut Brusethaug, så her er det berre å gle seg!
Les heile sakaArnt Ivar Brøndbo fortel til Todalen.no at det er kjørt opp skuterspor frå Innerdalsmerket til Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Han rapporterer fine forhold, med 15-20 cm nysnø utafor sporet. Fredag var det ganske sterk vind og snøfokk på fjellet, men værmeldinga til laurdag og søndag er bra, med vind på 1-2 m/s og […]
Les heile sakaSkog-Kompaniet i Surnadal, som i 2010 fikk prisen «Årets Gazelle» i Møre og Romsdal, er nominert til ein ny pris. Denne gongen er det fylkesprisen «Årets Bedrift», som Møre og Romsdal Fylkeskommune deler ut det gjeld, skriv Driva.no. Kåringa skjer 8. mars, og Skog-Kompaniet er nominert saman med 14 andre bedrifter i fylket.
Les heile saka