Det er ikkje alltid det går som ein har sett seg mål. Men det ordnar seg som oftast lell. Difor er vi glade for å kunna fortsetta med bloggen vår i 2011 og. Denne gongen skal vi ikkje så langt heimafrå, sett frå Todalen, nemleg til Kristiansund og Linda Tørset. Vel bekomme!
Les heile saka
Start 4H melder om at Fritidsklubben som arrangerast førstkommande onsdag utgår. Dette fordi dei arrangerer medlemsmøte på skulen i staden. Her vil dei ulike prosjekta delast inn i arbeidsgrupper for dei med like prosjekt. Styret i klubben håpar på god deltaking av både ungar og foreldre.
Les heile saka
Arrangørane av det asiatiske matkurset melder om litt forvirring i anledning av arrangement. Kurskveldane er både 24. og 25. februar. Og karar har også høve til å melde seg på desse kveldane.
Les heile saka
Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.
I morgontimane i dag har det vorte skote ein hannjerv på 13,3 kilo på Kårvatn. Todalen.no har desverre ingen bilder av jerven, da den allereie er vorte frakta til Surnadal slik at Statens Naturoppsyn får besiktige den.
Les heile saka
Sjølv om mange no lengtar etter våren, var det i januar bileta av mørk og stemningsfull vinter som var mest populære. Månelyst, av Kristine Saksen Ulvund, og Vakre Todalen, av Oda Halle, fikk flest stemmer, men Månelyst fikk ein knepen seier.
Les heile saka
Som dei aller fleste har lagt merke til, så er Kristine Saksen Ulvund ein aktiv fotograf. Ho er ein av todalen.no sine faste bidragsytarar, med motiv av det meste. Vi har tidlegare òg omtala at ho har nokre bileter utstilt på Elisabeths Atelier i Trondheim.
Les heile saka
Vi har fått melding frå Søya om endring i treningtider i idrettshallen. I meldingen står det: «På grunn av andre aktiviteter som kolliderer med våre planlagte treningsøkter har J12 fått et par ekstra treningstider i Surnadal Idrettshall. Dette er søndag 13. februar kl 1730-1900 og torsdag 24. februar kl 1630-1800. Og deretter blir det som planlagt trening lørdag 5. mars kl 1130-1330. Ta kontakt med trenerne Svein Inge Kvande eller Nils Bæverfjord hvis du har spørsmål om treningene.»
Se ellers fullstendig oversikt over alle Søya’s treningstider i idrettshallen her
Med sol frå skyfri himmel var det ypperleg utgangpunkt for eit streiftog rundt bygda for å sjå på folkelivet. Det var kaldt, med variasjonar mellom 8-9 ned til 16-17 kuldegrader. Kuldegrader i flest antal var det i Brusetmarka, med nær 17 kuldegrader. Men sola hjelpte på, og det var no i sola det var størst aktivitet blant folk.
Les heile saka
Laurdag var Jon Bruset på tur til Romådalen. Han rapporterer om godt føre og god temperatur. Det var 16-17 kuldegrader på Småhjellå da han dro ut, men betyeleg mildare i høgda. Og så var det fin sol! Han har sendt oss nokre bilde fra området rundt Haukarsteinen.
Les heile saka
Er du på utkik etter hus eller bolig, så har du sjansen her. Eineboligen Halsen, som ligg like ved Halsabrua er til salgs. Huset har eit bruttoreal på 177 m2 med bruksareal på 159 m2 og 3,1 mål tomt. Det er 4 soverom i huset som har kjellar og 2 etasjar. Fellesvisning onsdag 16. februar kl 16 – 17, eller etter avtale.
Les heile saka
Dan første skikkelige kaldnatta i februar overraska nok mange. Den digitale temperaturmålaren her i huset viste -15,9 som minimumstemperatur, men Jon Bruset melder om -16,4 på Småhjellå i natt. Og kulda vil nok fortsette. Det er meldt minimumstemperaturar på rundt -10 i heile neste veke.
Les heile saka