Da er mars like om hjørnet, og vi har fått tilsendt kulturkalenderen frå Surnadal Kulturhus. Denne gongen kan dei blandt anna freista med Villmarksdag i samarbeid med Surnadal Jeger og Fiskeforening. Dei lovar heildag med natursti, utstillarar og salg av villmarksartiklar og viltgryte. Kvelden rundast av med eventyrar Stein P Åsheim i Storstua.
Les heile saka
Torsdag 24. februar skreiv Talgø Invest AS intensjonsavtale med Bindal kommune om kjøp av drøyt 86 % av aksjane i Bindalsbruket Holding AS. Dersom handelen blir ein realitet inneber det at dørfabrikken Trenor Dører AS og byggvarebutikken Bindalsbygg AS kjem med på kjøpet. Konsernsjef Terje Talgø signerte avtalen på vegne av Talgø Invest, og da han denne veka var i Bindal for å orientere om planene fekk han applaus både frå kommunestyret og dei tilsette i Bindalsbruket.
Les heile saka
På Trollheimsporten kan vi lesa at Formannskapet i Surnadal har gått inn for at Gammelskulen skal selgast for 1 krone til «Gammelskulen lokalhistorisk og flerkulturellt senter». Dette etter at ei interimgruppe tilhøyrande dette nye laget i Todalen sjølv har foreslått det. Saka har no vore oppe i formannskapet, og etter kva Trollheimsporten skriv, så vart dette einstemmig vedteke, lell om ikkje alle politikarane hadde tru på tiltaket. Saka går så vidare til kommunestyret i mars, for avgjersel og endeleg vedtak.
Les heile saka
Alle elevane på Todalen skule var måndag 21. februar bedne til Stangvikskulen på VM-dag. Det vart konkurrert i øvingane hopp med flaske og curling. Trass lite trening gjekk det utruleg bra for laga frå Todalen som stilte som deltakarar frå Canada, Tyskland og Sverige. Dei møtte deltakarar frå USA, Russland, Frankrike, Finland og Noreg.
Les heile saka
Mandag 28. februar (12-17) arrangerer Byggmakkerbutikkene Surnadal, Tredal og Bytås inspirasjonstur til Talgø utstillingsenter (Gammelfabrikken). Dette er et samarbeid med Eik-sentret og Polaris Nordmøre, hvor turen til Talgø utstillingssenter er en del av arrangementet. På Talgø utstillingssenter finn du 3000 m2 med utstilling av møbler, interiørprodukter og ikke minst en stor og splitter ny OutLiving-kolleksjon som blir å finne hos Byggmakker til våren.
Les heile saka
Frå skulen har vi fått ein epost med bilder av forrige vekes aktiviteter i snøen. Britt skriv: Elevane på skulen var veldig glad for den nye snøen som kom for litt
sidan. Den var kram, og egna seg godt til å bygge både snøborg og andre
snøfigurar. Da dei starta opp var det meininga å få til ein iglo.
Innsatsen var stor og snøen vart bore i bøtter og spann. Men det var
vanskeleg å få til rette svingen på taket. Så det vart valgt ei opa
takløysing, og difor likna resultatet meir på ei snøborg.
Både snømenn og ulike dyr dukka etter kvart opp på skuleplassen.
Les heile saka
5 mann ved Talgø møbelfabrikk har i desse dagar fått permitteringsvarsel. I følge Trollheimsporten trer dei i kraft frå 9. mars og med ein månads varigheit i første omgang.
Les heile saka
I helga har det vore arrangert NM i Telemark i Molde. Frå Todalen var det denne gongen to representantar; Ola Talgø og Emil Haugen Ansnes. NM starta med storslalom fredag kveld, der Ola kom på 24. plass og Emil kom på 25. plass.
Les heile saka
I helga har det våre tårnagentghelg for dei yngste. Det starta med skattejakt på laurdag og fortsette med familiegudsteneste på søndag. Det var dei yngste klassane på skulen som var invitert denne gongen, og det var knytta stor spenning til skattejakta som gikk ut på å leita fram ting som var merka rundt om i heile kyrkja. Skattejegrane skulle finne ein ting som dei skulle namngi, og ut i fra heile fangsten skulle dei få til eit løysingaord, som denne gongen vart kyrkjeagent.
Les heile saka
Det er no fint føre i fjellet, og vêrmeldinga til søndag er sol og 3-4 kuldegrader med nesten stille. Finn du ein fin rabb i sola så kan du kose deg i sola. I liene er det fin puddersnø, medan det har vore litt fokk når du kjem oppå fjellet. Det var ingen stor utfart laurdag, men søndag er meldingane betre. Frå Innerdalsmerket er det kjørt opp fint spor til Tristeinan. Finn fram skiene og ta ein tur!
Les heile saka
Leiaren i Start 4H, Marte Talgø fekk i dag ein uventa epost frå 4H Norge. Start 4H hadde vorte vinnar av vervekampanjen i 2010. Start hadde i fjor heile 12 nyinnmeldte medlemar. Altså best i heile Møre og Romsdal. Talet vart såpass høgt sidan klubben rakk å registrere flesteparten av dei nye aspirantane før 15. desember. Landsvinnaren vart Frosta 4H frå Nord Trøndelag.
Les heile saka
«Surnadalsrussen står i brann» er namnet på årets russerevy som har premiere i Storstua på kulturhuset onsdag 23. februar. Brann blir eit slags gjennomgangstema i årets revy, og revygjengen lovar mykje god underhaldning gjennom framsyninga. Det et sett opp 4 framsyningar for revyen, som går frå onsdag 23. til laurdag 26. februar. I skrivande stund er det billettar att på alle framsyningane, men det det tetnar til no så her er det berre å svinge seg rundt. Her kan du kjøpe billett elektronisk på Billettluka.