Måndag 9. mai var Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag på utflukt til Stangvika. Dei hadde utgangspunkt på Brøskja og gikk utover til hyttefeltet utafor Brøskjehagan før dei snudde. På turen innat var det kafferast ved småbåthamna på Brøskja.
Les heile saka
Onsdag er første kveld med lagseriestemne i år. Det skjer på Bordholmen, og pågår i tidsrommet 18.00 – 19.00. Ingen aldersgrense for å delta. Det blir ein eigen kveld med idrettsmerkeprøvar – onsdag 15. juni, men prøvar kan sjølvsagt takast på dei ordinære lagseriestemna i tillegg. Det blir lagseriestemne følgjande onsdagar før ferien: 18.5., 1.6., og 15.6. Det blir servert frukt på lagseriestemna.
Feiringa av nasjonaldagen 17. mai startar med biltog frå ICA Todalen kl 9.30. Køyreruta er som vanleg oppover bygda til Gammelfabrikken, før ein fortsett nedover bygda igjan til Bordholmen. På Bordholmen serveres det frokost til alle. (Ungdomshuset dersom det er dårleg vêr). Sjå heile programmet her. SISTE: Frokosten blir i Ungdomshuset på grunn av værsituasjonen!
Les heile saka
Det var nærare 120 tilhøyrarar tilstades i Todalen kyrkje da Inga Husby, Kristine Svinvik og Brage Hauglann Talgø vart konfirmert søndag 15. mai. Sokneprest Bernt Venås heldt ei fin preike til konfirmantane, med framtid og von som hovudtema. Han sa mellom anna at det er mykje å gle seg til når ein blir vaksen, men at det er viktig at ein styrer livet sjølv.
Les heile saka
Laurdag opna Svinviks Arboret portane for publikum, og hadde premiere på ny sesong i den botaniske hagen som i utgangspunktet var livsverket til Hallvard og Ane Svinvik. Regnet hølja ned da portane opna, men utover dagen vart det både god temperatur og såpass opplett at eit femtitalls publikummarar tok turen for å sjå hagen eller ret og slett for å kjøpe seg ein kaffekopp og ein godbit attåt.
Les heile saka
Arbeidet med å samle inn ny informasjon til den komande bygdeboka for Todalen er no i gang! Grendekontaktane har starta innsamlingsarbeidet sitt, og dei første ferdig utfylte spørjeskjema er alt innlevert på bygdebokkontoret. Dersom det ikkje allereie er gjort, er det derfor no all grunn til å leite fram konvolutten med spørjeskjema og starte utfyllinga. Ver ikkje redd om det blir eit ”hol” i skjema. Grendekontakten vil hjelpe deg om det trengs!
18. mai er det storfint besøk i Sanitetshuset. Da kjem ordførar Mons Otnes for å få servert sildball, saman med Eldremiddagen, fortel Martinus Torvik. Balldagen er eit høgdepunkt i Eldremiddagen, og da brukar det å vera bra deltaking. Og det er vel ikkje så rart, for det er nok furkunn-mat for mange!
Bøfjordhelga 2011 går av stabelen 3-5.juni med et allsidig program. Du kan oppleve trylleshow med Brian Hoseth kjent fra Norske talenter på TV2 i 2009 og som nylig ble norgesmester i barnetrylling, dans på lokalet med “Mother & Daughters” fra Trøndelag, rokonkurranse mellom kirkebåter, Åsskardkoret, Bøfjorden dansegruppe, åpent sjøbruksmusem med “dagens tema”, grendacup i volleyball, besøk av Jostein og Ragnhild Ansnes som bidrar som konferansierer og med innslag av musikk + mye mer! Alle er hjertelig velkommen, og her finn du plakaten! … og her finn du linken til Bøfjordsida!
Søndag 15. mai er det konfirmasjonsgudsteneste med sokneprest Bernt Venås Todalen kyrkje. Gudstenesta startar kl 11:00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Det er i år 3 konfirmantar i Todalen sokn. De tre er Inga Husby, Brage Hauglann Talgø og Kristine Svinvik. Vi ønsker konfirmantane tillukke med konfirmasjonsdagen!
Selv om Nordvik er ei lita grend har det vært tradisjon å arrangere 17. mai ved forsamlingshuset / Øygarden stadion. Det hadde kanskje vært naturlig å slutte seg til opplegget ved Stangvik skole siden barna går på den skolen. Argumentet for å holde til på Nordvik har delvis vært at arrangementet på skolen blir i største laget for de minste barna, og at den som er beskjeden ikke slipper til på lekene. Samtidig har det også vært hevdet at de eldste ikke drar til skolen, men blir heller hjemme. Ved å holde på denne tradisjonen, samt juletrefest, må en regne med å stille i komiteen ca hvert tredje år!
Les heile saka
Onsdag arrangerte TIL’s trimgruppe den første sykkeltrimmen, der Bordholmen var eit sentralt samlingspunkt og arena for deltakarane. Første kvelden var det 46 som meldte seg for å ta del i sykkelaktivitetane, men det var nok mange fleir som var der og deltok i det sosiale livet omkring arrangementet, seier ledar i trimgruppa Jostein Bruset. Alle er velkomne til til å ta del i sykkeltrimmen. Sjølv om du ikkje vil sykle, så kan du ta med barnevogna, trehjulsykkel, eller du kan berre kom som du er og ta del i det sosiale.
Les heile saka
Vi har fått en trivelig mail fra tyske Felix Schwarte som organiserer fisketurer til Todalsfjorden. Han rapporterer at fisket så langt har vært bra i år, med torsk og lysing på opp mot 6 kilogram.
Les heile saka