Med sol frå skyfri himmel var det ypperleg utgangpunkt for eit streiftog rundt bygda for å sjå på folkelivet. Det var kaldt, med variasjonar mellom 8-9 ned til 16-17 kuldegrader. Kuldegrader i flest antal var det i Brusetmarka, med nær 17 kuldegrader. Men sola hjelpte på, og det var no i sola det var størst aktivitet blant folk.
Les heile saka
Laurdag var Jon Bruset på tur til Romådalen. Han rapporterer om godt føre og god temperatur. Det var 16-17 kuldegrader på Småhjellå da han dro ut, men betyeleg mildare i høgda. Og så var det fin sol! Han har sendt oss nokre bilde fra området rundt Haukarsteinen.
Les heile saka
Er du på utkik etter hus eller bolig, så har du sjansen her. Eineboligen Halsen, som ligg like ved Halsabrua er til salgs. Huset har eit bruttoreal på 177 m2 med bruksareal på 159 m2 og 3,1 mål tomt. Det er 4 soverom i huset som har kjellar og 2 etasjar. Fellesvisning onsdag 16. februar kl 16 – 17, eller etter avtale.
Les heile saka
Dan første skikkelige kaldnatta i februar overraska nok mange. Den digitale temperaturmålaren her i huset viste -15,9 som minimumstemperatur, men Jon Bruset melder om -16,4 på Småhjellå i natt. Og kulda vil nok fortsette. Det er meldt minimumstemperaturar på rundt -10 i heile neste veke.
Les heile saka
Sist i februar blir det høve til å utvida kokkekunstene sine. Då arranger Todalen Sanitetsforening kurs i asiatisk matlaging på nybegynnarnivå. Kurset er i første omgang mynta på damer, men ved behov er det visstnok ikkje noko i vegen for at karar kan ha sitt eige kurs. Kurshaldar blir Mali Nognut Brusethaug, så her er det berre å gle seg!
Les heile saka
Arnt Ivar Brøndbo fortel til Todalen.no at det er kjørt opp skuterspor frå Innerdalsmerket til Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Han rapporterer fine forhold, med 15-20 cm nysnø utafor sporet. Fredag var det ganske sterk vind og snøfokk på fjellet, men værmeldinga til laurdag og søndag er bra, med vind på 1-2 m/s og […]
Les heile saka
Skog-Kompaniet i Surnadal, som i 2010 fikk prisen «Årets Gazelle» i Møre og Romsdal, er nominert til ein ny pris. Denne gongen er det fylkesprisen «Årets Bedrift», som Møre og Romsdal Fylkeskommune deler ut det gjeld, skriv Driva.no. Kåringa skjer 8. mars, og Skog-Kompaniet er nominert saman med 14 andre bedrifter i fylket.
Les heile saka
Det er fortsatt problem med lysanlegget i lysløypa, seier Frode Grønmyr i skigruppa. Lysanlegget slår seg av etter nokre minutt, når det blir slått på. Frode seier at det blir arbeidd med å få lysanlegget i orden, men det har foreløpig ikkje lukkast. Det er fine forhold i løypa, så han oppfordrar til å ta med eigne hodelykter til anlegget igjen er ordna.
Januar 2011 blei den beste månaden nokon gong for Todalen.no, og vi hadde totalt 17654 besøkande. Med det blei rekorden på 15503 frå november 2010 slått. Den beste dagen var 16. januar med 891 besøk, den nest beste dagen nokon gong.
Les heile saka
Fylkesordførar Olav Bratland meiner fortsatt at Trollheimstunellen er mest aktuell som lang, etter at dei nye utgreiingane no er klargjorte. Her går det fram at lang tunell er prissatt til 1,5 mrd, medan det andre alternativet med kort tunnel og bru kom på 1,75 mrd.
Les heile saka
Måndag 7. februar serverte Todalen Bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter. Leiaren i bondelaget, Ståle, med medhjelparane Ingebrigt, Frode, Anders og Olav, serverte nydeleg kakao, godt heimbaka brød med sunt pålegg og utruleg god heimelaga jogurt. “Slik skulle vi hatt det kvar dag!” meinte ungane. Og nestleiaren i elevrådet, Frikk, takka for “kjøle go mat” og ønska bondelaget velkomne att neste år!
Les heile saka
Vi har starta på 2011, og også dette året vil styret plukka ut nokre kandidatar til månadens bilete. Vinnarane vil som i fjor få eit eksklusivt Todalen.no-krus, og vi startar naturleg nok med månadens bilete for januar. Vi håpar dykk fortsett å senda inn bilete til oss.
Les heile saka