Styret i Todalen Båtforening minner om at det er dugnad i båthavna førstkommande laurdag kl 11:00. Da blir det opprydding etter Dagmar sine herjingar og klargjering for vårens båtaktiviteter. Dei oppfordrar til å ta med familie og venner, hansker, trillebår og rive. Det er store mengder av tang og rekved som må samlas i haugar for bortfrakting seinare.
Les heile saka
Dalavegen er stengt i Falla i Brusetmarka, der det er gått eit ras torsdag kveld. Gammelvegen, som er privat veg, er også vurdert som rasfarleg område, og vegen der er også stengt for trafikk. Surnadal kommune skal i dag vurdere kva som skal gjerast for å sikre atkomsten til Kårvatn og til oppsittarane ovafor Falla. Vegstenginga skaper problem for Kårvatn Fjellutstyr og deira verksemd som i dag har 3-4 arbeidsplassar på «butikken på låven».
Les heile saka
Vi har fått melding om at vegen opp Falla er stengt på grunn av ras. Vegen har enno ikkje rasa ut, men det er gått ras på nersida av vegen, og utover ekra ved Falløya. Det er no folk på veg frå Surnadal kommune for å avklare situasjonen og sikre området. Det har vært mykje regn dei siste dagane, og dette er nok årsaka til at massane er ustabile. Vegen opp Gammelfalla er også stengt på grunn av rasfare. Vi kjem att med meir informasjon når sistuasjonen er avklart.
Det blir to pubkveldar på Pakkhuset Kro på Todalsøra denne påska, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no. Dei opnar første kvelden laurdag 31. mars, og så blir det ope onsdag 4. april. Begge kveldane frå kl 21.00 og utover. Synnøve ønskjer både bygdefolk og tilreisande velkomne på pubkveldane. Ho fortel vidare at det brukar å bli ekstra triveleg på slike kveldar, når du kan få gjensyn med utflytta todalingar og andre kjente i uformelt og triveleg lag. Ta turen på Pakkhuset i påska til ein triveleg pubkveld!
Onsdag kveld var vel 5o ungdomar, foreldre, besteforeldreog andre interesserte samla ved Todalen Oppvekstsenter for ei orientering om ungdom og rus. Møtet var stelt i stand av Todalen Sanitetsforening og FAU ved oppvekstsenteret. Olav Halse representerte lensmannsetaten, og orienterte litt om rus-utfordringane dei har i vårt omland, då med vekt på Surnadal og Rindal. Han kunne fortelje at dei siste åra hadde faktisk rusproblematikken i vårt distrikt teke seg opp. I 2010 hadde dei 10 saker med rus involver, mot 18 saker i 2011.
Les heile saka
Todalen Båtforening vil minne om at det er dugnad i båthavna førstkommende lørdag kl 11:00. Da skal vi fjerne sporene etter Dagmar og klargjøre for vårens båtaktiviteter. Ta med familie og venner, hansker, trillebår og rive. Det er mengder av tang og rekved som må samles i hauger for å kjøres bort senere, melder styret i en e-post til Todalen.no
Onsdag var det ny møtedag igjen hos Eldremiddagen, og vi kan vel bortimot garantere at ingen av de til sammen 22 gjestene gikk sultne fra bordet! Denne dagen var det potetball på «Vestrum Vis», med ball fylt med kjøttbiter, servert sammen kålrabi, poteter og stekt flesk, og, for ikke å glemme, med ekte sirup til, så mye en bare ville! Vi kunne tydelig registrere en trøndersk inspirasjon, som i alle fall fikk mitt godmat-hjerte til å banke vel og gjenkjennende. Dagens kokker, som nå er å betrakte som ekte todalinger som noen andre, har i sin tid hatt med seg ekte mattradisjoner fra Tondheim og Gjøvik inn i bygda, og det gir gode blandinger.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr AS melder om storsalg no før påskehøgtida sett inn for fullt. Dei har ope til og med laurdag denne veka, pluss mandag, tirdag og onsdag i neste. Dei har da ope til 17 mandag og onsdag, medan det er ordinær langope på tirsdag til 19.
Les heile saka
Det siste døgnet har det vore stor vassføring i Toåa. Mykje regn og rundt 10 varmegrader skapte tendes til flaum i morgontimane og utover føremiddagen. Vidare utover dagen var det stort sett opphaldsver, og vassføringa gikk noko attende utover ettermiddagen og kvelden. Til onsdag melder yr.no om tildels store nedbørsmengder i Møre og Romsdal, men melder samtidig lågare temperatur. Men ein kan nok rekne med at det blir stor vassføring også onsdag utpå dagen og utover kvelden.
Les heile saka
På eit par kveldstimar samla dei fire konfirmantane inn heile 9.389 kroner til Kirkens nødhjelp. Dei kunne rapportere stor givarvilje og vart tekne godt i mot når dei kom på døra rundt bygda. Etter at innsamlingsaksjonen var ferdig var det oppteljing i kyrkja, og traktering til både sjåførar og pengesamlarar. På menyen stor kaffe eller kakao og nystekte bollar til heile gjengen. Flott innsats!
Les heile saka
Da kjem nemleg årets konfirmantar heim til alle i Todalen, frå Svinvika til Kårvatn med innsamlingsbøssene sine. Dei deltek nemleg i den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Saman med foreldre og medlemane i soknerådet som sjåførar vil dei altså tråle heile bygda, og da gjelder det å «gje så det svir». Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer, fortel Signe Grønmyr og Ildri Øyen frå Todalen sokneråd. Ta vel i mot konfirmantane!
Onsdag 28. mars inviterer FAU ved Todalen Oppvekstsenter saman med Todalen Sanitetsforening til informasjonsmøte om ungdom og rus. Saniteten har hatt i fleire år hatt ønske om å informera om dette til «nye» foreldre og besteforeldre sidan det no er såpass mange år sidan det var arrangert eit tilsvarande møte sist. Dei tok difor kontakt med FAU for å høyra om dei kunne vera interesserte i eit samarbeid.
Les heile saka