Sjølv om det er to og ein halv månad til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalende. For fjorårets adventkalender med trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess. Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal kjøre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa.
Les heile sakaTemakveld: Hus på setrene
Stangvik Historielag og Nordmørsmusea avdeling Surnadal inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober klokka 18:00. Emne for temakvelden denne gongen er seterhistoria.
Les heile sakaTemakveld om bunadene våre
Husflidslaga i Surnadal og Rindal arrangerer temakveld om bunadene våre laurdag 7. oktober i Surnadal kulturhus. Arrangementet startar kl. 17:30 med utstilling. Temakveld med kåseri og underhaldning i Storstuå kl. 19:00.
Les heile sakaHæstlatter på gang – billettsalget igang
Lørdag 21. oktober kl. 19.00 er en ny forestilling «HÆSTLATTER 2023» på gang i Storstua på Surnadal Kulturhus. Det er Kreativt Forum som står som arrangør, og nå er altså billettsalget igang.
Les heile sakaMedlemsmøte for ungdommane i Todalen Idrettslag
I går kveld hadde Todalen Idrettslag invitert ungdommane til medlemsmøte for å diskutere drifta av det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion. Og på møtet kom ungdomane med ønske om driftsform og framtidige aktivitetar dei ønsker i det nye aktivitetsrommet.
Les heile sakaStavgangarane sesongavsluttar med tur til Øygardshalsen torsdag
Torsdag 5. oktober klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til sesongavslutning, med stavgangtur stavgang tur til Øygardshalsen. Oppmøte og parkering på Vang skisenter.
Les heile sakaAsfaltarbeidet er kome i gang – blir litt manuell dirigering av trafikken
I dag starta Veidekke med asfaltarbeidet som har vore planlagt. Først blir det eit par dagar med fresing av gammel asfalt, og så fortsett arbeidet med legging av ny asfalt, og Veidekke reknar med å bli ferdige til helga – dersom vêrgudane står dei bi.
Les heile sakaAlt klart til «damenes aften» på laurdag
Laurdag 7. oktober klokka 19:00 er det duka for «damenes aften» i Todalen ungdomshus. Komiteen opplyser at arrangementet har fått god mottaking, og at mange allereie har meldt seg på, men det er framleis plass til enda fleire fortel dei.
Les heile sakaOpe bakeriutsal hos Lia gard på fredag
Fredag 6. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Denne gongen er du med i trekkinga av eit gåvekort på 350,- kroner, om du legg inn ei bestilling i kommentarfeltet på Lia gard si Facebookside innan onsdag 4. oktober. Vinneren blir trekt torsdag etter klokka 12:00.. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile sakaEpledag i Svinviks arboret
Søndag 8. oktober klokka 12:00 – 16:00 inviterer Svinviks arboret til haustferiestart med epledag i arboretet. Da blir det eplepressing, eplekake og open hausthage.
Les heile sakaDammen Opp: Perset turen opp lia
Det var full trøkk heilt frå starten ved Forsamlingshuset og opp lia til inntaksdammen for Nordvik Kraft i føremiddag da Trollheimen Fjellsportklubb aarrangerte årets «Dammen Opp». Trur jammen alle deltakarane fekk betre tid i år enn dei hadde på fjorårets utgåve av Dammen Opp. Det var jamnt i toppen – Håvard Gjeldnes og Isak Drøpping kjempa om å kome først til toppen, og den kampen var ikkje avgjort før dei to var i mål. Håvard på bestetid 14,54 og Isak vart 1 sekund etter med tida 14,55.
Les heile saka50-års konfirmantjubileum og presentasjon av neste års konfirmantar
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 8. oktober klokka 11:00, saman med årets 50-årskonfirmantjubilantar. Under gudstenesta vil også neste års konfirmantar bli presenterte.
Les heile saka