Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Elinor Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/11-des-Norunn-Holten-Votter.jpg)
Julekalenderen – luke 11
I dag er det 4 gevinstar attafor luke 11, dermed blir det 4 heldige vinnarar som får kvar sin gevinst i dag. Først ute er Norunn Holten frå Bæverfjord som vart vinnar av eit vottpar som her er avbilda på framsida.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/10-des-Jorunn-og-Nils-Ove-Trebolle.jpg)
Julekalenderen – Luke 10 er opna
Da er ny trekning unnagjort, og vi er klare med fordeling av gevinstane, som er tre i talet denne dagen og. For å gå rett på sak så gikk første gevinsten til Nordset på Flathauan – Jorunn og Nils Ove var eigarar av ein dreid trebolle!
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/8-des-Maren-Ansnes-Pute.jpg)
Ny dag og ny trekning – luke 8 er opna
Vi er som vanleg klare med ny trekning i var Julekalender – no er vi komne til luke 8, og bak den luka var det faktisk 3 nye gevinstar som er klare for nye eigarar. Den første gevinsten var ei brodert pute, og den vart trekt ut på Maren Ansnes, og og hamna altså i Halagrenda.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/7-des-Anders-Halset-juleengler.jpg)
Julekalenderen – luke nummer 7
Da er treking nr 7 gjort unna, og attafor den luka var det faktisk 3 gevinstar som no får sin eigar. Den første gevinster hamna på Kvennset, nærare bestemt hos Anders Halset. Det er 4 hekla juleenglar som er hekla i kvar si farge.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/6-des-Solvor-Lindset-oyen-Votter.jpg)
Julekalenderen – 3 gevinstar bak luke 6
Det går unna med trekkjing av vinnarane til julekalenderen – vi er alt komne til luke 6, og bak den luka var det faktisk 3 gevunstar og dermed blir det 3 vinnarar på onsdag. Den første gevinsten vart trekt ut til Solvår Lindset Øyen på Solvollen – ho vart vinnar av eit par ullvottar.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/5-des-Julia-Sandmo-lester.jpg)
Julekalenderen – luke 5 for tysdag 5. desember
Under luke 5 er det også to gevinster og dermed to glade vinnarar. Den første gevinsten er 1 par sokklester, og det kan jammen være nyttig for å kome gjennom kuldperioden som har vore dei site dagan – den heldige vinnaren er Julia på Sandmo – altså oppi Brusetmaka.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/4-des-Bjorn-Kvendset-spekefjol.jpg)
Julekalenderen rullar vidare – 2 måndagsvinnarar er trekt ut
Bjørn Kvendset må være inne i ein vinnarstim no i kulda. Han vant den første gevinsten den 1. desember, og alt i dag er han atter vinnar – denne gongen er gevinsten ei spekkfjøl. Også den kortreist og laga i nærmiljøet, og er sjølvsagt kjekk å ha. Dagens andre gevisnt er heller ikkje å forakte, spesielt når kvikksølvet kryp så langt ned at det mesta kjem bort på gradstokken.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/20231203_181643-624x468.jpg)
Bra med folk både på adventsmiddagen og julegatetenninga
På ettermiddagen i dag var det først adventsmiddag i ungdomshuset, arrangert av Todalen Idrettslag, før det var tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, og det var bra oppmøte på båe arrangementa.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/3-desember-Kristian-H-Talgo-Votter.jpg)
1. søndag i advent – har du vinnarlukke?
Søndag 3. desember er 1. søndag i advent, og på denne dagen er det 2 nye gevinstar som er trekte ut! Den eine gevinsten er eit flott vottpar i rødt og kvitt. Her var det Kristian Hauglann Talgø som trekte det lengste strået og vart ny eigarmann for vottparet.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/2-desember-Ingebjorg-og-Erling-Myrbostad-tennbrikketter.jpg)
Luke 2 er opna – her kjem vinnarane
Trimgruppa har opna luke 2 på sin julekalender, og dermed er spenninga løyst ut, og vinnarane er klare. Attafor luke 2 var det heile 3 gevinstar, og dermed blir det 3 heldige vinnarar.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/12/Screenshot_20231201_071152_OneDrive-624x221.jpg)
Lysmesse, adventsmiddag og julegatetenning på søndag
Søndag er det mykje som skjer her i Todalen. Todalen Sokneråd inviterer til lysmesse i Todalen kyrkje, Todalen Idrettslag inviterer til adventsmiddag i Todalen ungdomshus og til slutt er det julegatetenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/11/TrimGruppa_2991-624x371.jpg)
Premiere for årets julekalender for TIL Trimgruppa
Endeleg er dagen komen og vi kan publisere dei første vinnarane i Trimgruppas Julekalender 2023. Og det er ikkje småtteri vi trør i gang, fortel medlemene i Trimgruppa som har organisert både innsamling av gevinstar, salg av kalendrar og frå 1. desember er ein altså i gang med trekkninga.