Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæther
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
Emil tok heim vandrepokalen
Vêrgudane viste seg endeleg frå si beste side og slapp no påskesola fram. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten, i regi av skihyttekomiteen og trimgruppa. Sjølv om sola skein, lura det nokre mørke byger uti fjorden som ga nokre snøfnugg, men dette var stort sett ingen ting å rekne samanlikna med nedbøren som vi har hatt i løpet av påska. Denne oppfatninga hadde også resten av bygdefolket, som etter kvart strømma i store stimar opp til skihytta. Arrangementskomiteen hadde fått fleire hendvendingar på telefon at det var folk på tur opp lia, og at starten på kjerringsdilten måtte utsetjast litt. Startskotet for kjerringdilten kunne endeleg gå og heile 40 personar stilte på startstreken.
Les heile sakaKjerringdilten går som planlagt
Løypekomiteen ved Dan Roger Pedersen og Ståle Ansnes har rapportert til todalen.no at de har greidd å kjøyre på scooterspor frå Øyalia og fram til Skihytta. Dei kan fortelje at dei klarte å unngå at skidåra måtte leggjast om Snekkardalshalsen, da det skal være muleg å krysse elva litt lengre inn/opp enn vanleg ved Vintervaet. For tida er ikkje elva på det aller største, så det er muleg å forsere ho.
Les heile sakaOmveg til Skihytta, om du skal på Kjerringdilt
Arnt Ivar Brønnbo melder i dag at den lova oppkjøyrde skutertrasseen til Kjerringdilten heng i ein tynn tråd. Idrettslaget sin skuter er ute av drift grunna ein oljelekasje, og i tillegg er føret av slik karakter at det er bortimot umuleg å ferdast til fjells no. Det har dei siste døgna snøa mykje både på fjellet (ca 70 cm) og nede i bygda, noko som gjer det vanskeleg med tanke på å komme seg opp om veret fortsett som no.
Les heile sakaLangfredag: Kjerringdilten på skihytta
Todalen I.L. inviterer alle til Skihytta langfredag. Da er det tradisjonell «Kjerringdilt» og hytta har open kiosk med salg av forfriskningar. Rennet startar kl 13.00. Kjerringdilten går på idealtid, og det er sett opp ein fin vandrepokal til den som kjem nerast idealtida, melder T.I.L., trimgruppa. Det blir også høve til å ta skimerket denne […]
G19 vann over seniorane
I dag var det duka for prestisjekamp mellom G19 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og A-laget til Søya/Todalen på Amfi Park i Surnadal. Unggutane på G19 var denne gongen hakket bedre enn seniorane, og stakk av med seieren, 2-0. Jamt over var dei litt betre trena, og klarte å halde hovudet kaldt igjennom heile kampen. Målscorarar var Marcus Lundquist Aune og Lars Kristian Øyen Kvande.
Les heile sakaG19 er klare til innsats på fotballbanen
Mandag kveld var det premiere for nye drakter og anna utstyr for G19 som er samarbeidslaget for juniorane i Todalen, Kvass/Ulvungen og Søya. Draktene som spelarane skal bruke er svart/kvitstripa som dei gamle draktene til Todalen, og dei har med seg solide sponsorar som har fått reklame på draktene og som tilsaman har bidrege med 50.000 i lagskassa. Det er HalsOil, Talgø og Surnadal Sparebank. Dei 19 spelarane fekk utdelt drakter, overtrekksdrakter og genser som reiseantrekk.
Les heile sakaJohan gikk «Birken» på 4.19.14!
I år er Johan kvendset einaste todaling som deltek i Birkebeinerrennet. Han er godt i gang og har passert Kvarstad, som er godt og vel halvvegs. I fjor vart han nummer 10 i klasse 75-79 år og gikk på tida 4.41.26. Så spørs det korleis føret og forma er i år? Vi er imponert over innsatsen, Johan!
Les heile sakaKari Kvendset vart ny ledar i Todalen I.L. – oppdatert
På årsmøtet til Todalen idrettslag vart Kari Kvendset valt til ny ledar i hovudstyret. Det var fredag kveld at Todalen idrettslag hadde årsmøte i Todalen ungdomshus, der vel tjue medlamar møtte. Det var eit årsmøte på det jamne, utan nokon store og viktige saker. Lagets økonomi er sunn, til tross for at laget gikk på eit underskot siste året. Underskotet har samanheng med det er brukt knappe 400.000 til renovering av ungdomshuset som har fått nytt og moderne toalettanlegg og skifting av ytterdører. Den største utfordinga i 2011 blir nok bygging av nytt lysløypeanlegg. Det er kostnadsrekna til 908.000, men tilskot frå fylket og ein betydeleg dugnadsinnsats gjer at de reelle kostnadene for laget blir rundt 300.000. I tillegg bevilga årsmøtet midlar til kjøp lyd- og AV-anlegg til ungdomshuset til ein kostnad rundt 100.000.
Les heile sakaFredag kveld: Årsmøte i Todalen I.L.
Fredag 16. mars kl 19.30 er det klart for årsmøte i Todalen Idrettslag. Det skjer i Todalen ungdomshus, og no er saklista for møtet klar. Forutan vanlege årsmøtesaker så kjem innkomne saker på dagsorden. Det er kome 4 saker som vil bli diskutert på årsmøtet. Det gjeld satsar for betaling på skihytta, lydanlegg i Undomshuset, […]
Snømangel og dårleg ver gir fleire avlysingar
Førstkommande lørdag var det meininga at Skigruppa i Todalen skulle stå for arrangering av sonerenn. Men som de ser av bildet frå tenkt målområde ved Todalen Oppvekstsenter frå i går ettermiddag er føret i dårlegaste laget. Leiar Jorid Haugen Ansnes og resten av skigruppa ser seg difor nøydd til å avlysa. Men det er ikkje berre […]
Les heile sakaTodalen I.L. – årsmøte 16. mars
Fredag 16. mars er det klart for årsmøte i Todalen Idrettslag. Det blir halde i Todalen ungdomshus, og fullstendig sakliste for møtet kjem seinast 9. mars, melder styret. Innkomne saker og oppseiing av verv må være styre i hende innan 2. mars. Her har det vore oppgitt feil epostadresse for dei som ønsker oppseiing av verv. Sjå […]
Barn i løypa avlyst
Ski- og friidrettsleiar Jorid Haugen Ansnes medlder om at kveldens barn i løypa/skitrim er avlyst grunna dårleg føre i Ørsalbukta.
Les heile saka