Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Løyper til Skihytta
No blir det oppkøyrt løype til Skihytta. Arnt Ivar Brøndbo starter tysdag arbeidet med oppkøyring av løypetrasè til Skihytta. I første omgang vil arbeidet bli å køyre på løypetrase og lage ein såle i løypa, men alt til helga vil det blir køyrt på spor. Da blir det spor frå Innerdalsmerket via Talgøsetra til Tristeinan, og vidare utover til Skihytta. Det vil også bli eit spor frå Ungdomshuset og opp Øyalia til Skihytta, og det blir gjort forsøk på å køyre spor frå Tristeinan og oppå Midtryggen.
Les heile saka
Hanne Heggset vart norgesmeister
Hanne Heggset, Surnadal vart norgesmester i parallell-slalåm under dagens renn i Vardåsen i Asker, og la dermed inn enin knallsterk søknad til eit VM uttak. Emil Haugen Ansnes vann kvartfinalerennet sitt, men vart desverre diskvalifsert grunna litt for mykje feilkjøring. Erika Kårvatn Moen hadde eit fall i dagens konkurranse og kom seg dermed ikkje vidare.
Les heile saka
God innsats i NM i telemark
I helga stiller tre lokale utøvere på NM i telemark i Vardåsen, Asker. Etter dagens renn er stemninga god i Surnadalsleiren, der Emil Haugen Ansnes, Todalen IL kom på 5. plass i sin klasse. Erika Kårvatn som kjøyrer for ØSIL kom på 4. plass i sin klasse og medan Hanne Heggset, Surnadal tok 2. plassen. Dette i følge skiforbundet sine nettsider. Dagens renn var klassisk stil i to omgangar, der det ikkje berre gjeld å ha best tid, men også å ha rett teknikk nedover løypa.
Les heile saka
29. juni – da skjer det på Bordholmen, igjen!
Sett av 29. juni, for da skjer det på Bordholmen, fortel Knut Bergli i Todalen Idrettslag. Han siktar sjølvsagt til Todalsdagen 2013, som er ei massemønstring av barnefotball for dei aller minste. Rundt 40 lag har delteke dei siste åra, og for mange av dei minste er det nok årets høgdepunkt. Stor fotballmønstring blir det også i år, og i fotballgruppa er dei godt i gang med planleggjinga, fortel Knut Bergli.
Les heile saka
Fornya avtale om fotballsamarbeid
Torsdag kveld var det klart for å fornye avtalen om fotballsamarbeid mellom Kvass/Ulvungen, I.L. Søya og Todalen. Avtalen som vart signert er ei vidareføring av fjorårets avtale, og vil gjelde eit småjentelag (J14), småguttelag (G14), samt seniorlag i 6-divisjon. Da er det klart at det blir seriekampar både på Bordholmen, Leikvoll og Søyabanen denne sesongen også. […]

Familiedag på sjøisen laurdag
Todalen Idrettslag med Carina og Knut Jarle i spissen inviterer til sosialt samvær på sjøisen førstkommande laurdag kl 13. Dei har sjekka vêrmeldinga, og meiner at forholda skal vere stabile til eit slikt arrangement. Dei vil ta med ishockeykøller og mål utover slik at det kan bli litt fartsfylt leik utover dagen. Dei tek også […]

Terminliste for årets sonerenn
Nok et sonerenn er avlyst på grunn av snømangel melder Jo Kvande Hansen til todalen.no. Det er rennet som skulle gå førstkommande søndag på Vang.
I vinter var det oppsatt 5 sonerenn i vår sone. Under er informasjon om når og kvar. Påmelding via sms eller epost inntil 30 minuttfør start.
Les heile saka
Lysløypa tek form…
Arbeidet på lysløypa på Tjønnmyra er godt i gang, og prosjektet som er kostnadsrekna til nærare 900.000 skal være klart til bruk til neste skisesong, fortel ledar i anleggskomiteen Nils Ove Bruset. Laurdag var vi med anleggskomiteen på synfaring i anlegget, og det må kunne seiast at det såg imponerande ut. Det er entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og det fine vintervêret har gjort at det har vore fine arbeidtilhøve så langt i vinter.
Les heile saka
Hjortfest med prisutdeling
Hjortfesta i Todalen blir tradisjonelt arrangert i slutten av november, men av ymse årsaker vart Hjortfesta 2012 utsett til januar. Laurdag kveld var et 70-tals todalingar og andre gjestar samla til fest i Todalen ungdomshus. Denne gongen var turen komen for Kvennset jaktlag for å være vertskap, og dei kunne by på velsmakande viltgryte, simulatorjakt og kveldens høgdepunkt som var utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron».
Les heile saka
Sonerenn på Nordmarka
Surnadal I.L. arrangerer KM klassisk og sonerenn for klassane 8-10 år. Det skjer søndag 20. januar kl 12 på Norsdmarka skisenter, og påmeldingsfristen er torsdag 17. januar, og påmelding skjer på Klubben online, men du kan også melde deg på via telefon eller e-post til Surnadal I.L. v/Eivind Sponås. Finn fram langrennskiene og meld deg […]

Fine forhold på Bordholmen
Skøyteisne på Bordholmen er flittig bruka på helg. Den er i topp stand etter den lengre kuldeperioden vi er inne i, og idrettslaget har no kjøpt inn litt meir køller og puckar. Ikkje så alt for mange var der i går søndag, men ein real ishockeykamp vart det fordi. På kveldstid er det muligheiter for […]
Les heile saka
NM Randonee – Ola Hovdenak vart meister
Ola Hovdenak let ikkje sjansen ga frå seg under laurdagens Randonee-NM i Strengen. Før start var han skeptisk til om jule-influensaen var ute av kroppen, men med førsteplass og sluttid på 1.18.12 kan det ikkje være mange influensavirus igjen i kroppen. I dameklassen vart det Malene Haukøy som vart Noregsmeister på tida 1.12..23, men beste tid hadde Emilie Forsberg frå Sverige. I klassen menn junior var det Eirik Haukøy som toppa, på tida 1.14.38 og til i klassen jenter 15-16 år gikk sigeren til søstera Andrine Haukøy.
Les heile saka