Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redalen
Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe
Skriftstyre for årsskriftet:
Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik, Inger Johanne Iversen,
John Moe, Ragnar Halle.
Nyheter knytta til Todalen historielag 2023

Lauvåskogan før i tida
Med fare for å rote seg bort i gamle, nye og bruka stadsnamn skal dagens storrundt frå Todalen historielag visast frå Lauvåskogan. Her er det store forskjellar i landskapet frå bilda er tekne og fram til i dag, med tanke på antall bustader i alle fall.

Todalen historielag: årsmøtet gikk kjapt unna!
På ein knapp halvtime var årsmøtet i Todalen historielag gjort unna. Årsmelding og rekneskap gikk greit og ryddig unna og det var få spørsmål knytta til oppsummeringa av 2014. Men sjølv om årsmøtet er fort unnagjort, så har laget stor oppslutning i Todalen – «heile bygda» er med og laget kan skilte med heil 167 […]

Aktivt historielag – årsmøte komande onsdag (11.3.)
Onsdag kveld (11. mars) inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. Møtet startar kl 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker byr dei på «lokalhistorisk quiz» og sjølvsagt traktering – som er skikkeleg kveldsmat.

Storrundt nr 5 – oppdatert
Fredag og ny runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå småbruka rundt kyrkja. Hovedbildet er Husbygeilen.

Fjerde runde Storrundt
Her kjem fjerde runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå Kvennsetgardane, frå den tida da bygdavegen gjekk bort til Andersstuå og Viastuå. I gamle dagar sto alle husa på gardane på Kvennset i ei klynge der Andersstuå og Viastuå står i dag

Storrundt; tredje runde
Denne gongen er vi komne til Todalshaugen, Rossåa, Utheim og Furuhaugen. Hovedkilden viser Rossåa etter flaumen i 1957. Vi ser Steinan fremst, Saga og Todalshaugen bak. Ein kan lesa meir om flaumen i -57 i Todalen Historielag sitt årsskiftet nr 13 frå 2014. Artikkelen skreve av Jorunn Ørsal. Todalshaugen Måleri av Utheim Furuhaugen.

Frå Gjeldnesgardane
Vi er komne på runde to i Todalen Historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er bilda hovedsakleg fra Gjeldnesgardane og litt innover stranda.

Storrundt med historielaget
Kvar veke frå no legg vi ut to bilete av hus frå Todalen. Dette er eit sammarbeid med Todalen historielag, som har kalla serien STORRUNDT. Første runde startar utmed arboretet, eller Gjengsto, som plassen heiter. Dette er det første huset som vart satt opp i Gjenstøa, som senere vart flytta ut til Nordvik som no er Nordly.

Historie: Gamle ord og uttrykk – og digital rundtur
Todalen historielag samla eit 50-tals medlemar og andre til «historisk ettermiddagskaffe» i ungdomshuset. Gunnvald Bøe heldt eit interessant kåseri om gamle ord og utrykk frå Nordmøre – Historielaget tok oss med på digital tur rundt bygda, med både nye og gamle bilder. Vi har skikkeleg respons på arbeidet vårt, seier leiar i Todalen historielag John Moe, til Todalen.no, – som sjølvsagt var der….

Ettermiddagskaffe: – Gamle ord og uttrykk blir tema
Søndag ettermiddag – nærare bestemt kl 14.00 – inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Det har etter kvart vorte tradisjon med eit slikt arrangement, som har stor oppslutning. Hovudtema på årets arrangement er gamle ord og uttrykk, og Gunnvald Bøe frå Bøfjord Historielag er leid inn som kåsør, og vi trur dette blir interessant for mange!

Ikkje riktig som før i tida…
Tidene forandrar seg, også i Todalen. Frå Todalen Historielag sitt bildearkiv kan vi denne gongen vise eit bilde av Husbygeilen, Skorten og ei raudmåla kyrkje. Legg merke til kornstaurane på ekra til høgre, og han som leier sykkelen forbi.

Internasjonal førjulskafè – med fullt hus og god stemning
Laurdag ettermiddag var det tid for førjulskafè i Todalen ungdomshus. Det var Start 4H, FAU, PT-utvalet, idrettslaget, bondelaget og saniteten som hadde invitert sambygdingane til felles arrangement. Dei var spente på om folk hadde tid til eit lite avbrekk midt i julestrida, men det trong dei ikkje bekymre seg for.