Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990. Det var Jon Lunde i si tid som var eldsjela til dette positive arrangementet, og med seg på laget hadde han kokkane Jenny Kvendset og Olina Halle den første tia.
No er det Eldregruppa i Todalen som tek av seg det administrative rundt middagsserveringane som går føre seg kvar onsdag i Sanitetshuset. I dager det Anne Moe som er leiar, medan Martinus Torvik er både sekretær og kasserar.
Kvar onsdag er det altså rundt 20 eldre som møtes til dekka bord og god servering. Dei betaler litt for seg, slik at det heile skal gå i rundt, men i tillegg har Eldregruppa og fått midlar til drift frå Svorka, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune via dei ulike midlane dei deler ut. I 2008 fekk dei også tilskudd frå kulturavdelinga i fylket. Då gjorde gruppa litt stas på medlemmene sine ved å dele ut gåstavar til dei som ville ha.
Nyheter knytta til Eldremiddagen
Eldremiddagen avsluttar førjulssesongen
Til orientering avsluttar «Eldremiddagen i Todalen» førjulssesongen med julemiddag på Sanitetshuset førstkomande onsdag. (8. desember). Gamle og nye gjester, også utombygds frå, er velkomne. Gjester du oss berre av og til, eller du kjem for første gong, ver venleg å varsla ein av kokkane på førehand. (Brit, Bodil, Grete, Jorunn). Vel møtt!
Eldremiddag med kjøtt og påsse
Sist onsdag, den 27.oktober, var vi til sammen 32 gjester i Sanitetshuset til eldremiddag. Det var et ualminnelig stort antall gjester, og er foreløpig det største antallet vi har hatt for middagene i 2010.
Les heile sakaEldremiddag med ambulansebesøk
Under dagens eldremiddag, som blir arrangert kvar veke i sanitetshuset, var det besøk frå ambulanse for å visa fram hjartestartaren som er innkjøpt i Todalen. Det var Arnt Ivar Brøndbo og Kari Halle som var på besøk, i tillegg til Ivar Bolme fra Todalen Brannlag.
Les heile sakaEldremiddagen medlem i Todalen.no
Sekretær i «Eldremiddagen» Martinus Torvik skriv i ein e-post til oss at dei ønskjer å bli medlem i Todalen.no. Det takkar vi for, og ønskjer dem velkomne som medlemar! Vi har no etter kvart vorte mange og fleire er i kjømda. Eldremiddagen starta på igjen etter sommarferien sist onsdag, og da var dei 20 i talet som var samla i Sanitetshuset til bacalao, og kaffe etterpå.
Les heile sakaEldremiddagen startar på igjen
Onsdag den 1. september kl 13.00 startar «Eldremiddagen i Todalen» opp etter sommarferien. Kokkar og matrettar vil vera attkjennande og staden er fortsatt Sanitetshuset. Vel møtt til gamle og nye gjester kvar onsdag kl. 13.00 framover hausten, skriv ledar for Eldremiddagen, Martinus Torvik i e-post til Todalen.no
Les heile sakaSesongavslutning i eldremiddagen
Eldremiddag-gruppen feiret i dag, 2. juni, sesongavslutning med en middag på Todalshytta, hvor det ble servert fårikål og kaffe etterpå. Gruppa er høyst oppegående, og praten rundt middagsbordet omfatter en rekke tema.
Les heile sakaOrdførar og rådmann på eldremiddagen
Eldremiddagen som blir arrangert kva onsdag utanom ferie og høgtid fekk i dag besøk av ordførar Mons Otnes og rådmann Geir Vikan. Martinus Torvik, som innleia til måltidet takka for besøket og var glad for at dei fekk regelmessige besøk frå kommunen.
Les heile sakaEldremiddagen – årsmøte og feittysdag
Eldremiddagen i Todalen var onsdag samla til årsmøte og «feittysdag» i Sanitetshuset. Dei er ein trufast gjeng som samlast her kvar onsdag utanom ferietida, og jul- og påskeferien. Da serveres god og variert husmannskost og dette er organisert etter sjølvkostprinsippet, og da serveres det 3-retters middag for 75 kroner. Når det er luksusmiddag som kjøtt og påsse og julemiddag kostar det 100 kroner, fortel det nyvalde styret i eldremiddagen Anne Moe (ledar), Brit Nordvik (styremedlem) og Martinus Torvik (sekretær og kasserar) til Todalen.no.
Les heile sakaEldremiddagen starta på igjen….
Vi har fått e-post frå «eldregeneralen» Martinus Torvik. Han skriv:
«Eldremiddagen starta opp att sist onsdag kl 1300. Menyen var «Jegergryte» (rester frå Hjortfesten),
Sviske-/Aprikos-/Rabarbragraut m/fløyte til desset og til slutt kaffe m/blautkake og julbrød. Vi var 28 til bords med Brit og Grete som kokkar. Måltidet med prat og song varte til kl 1600.
Eldremiddagen startar på igjen….
Frå «eldregeneralen» Martinus Torvik har vi fått e-post med orientering om ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset. Han skriv at eldremiddagen no går inn i sitt 20. år og helsar både gamle og nye gjestar velkomne.
Eldremiddagen i Sanitetshuset
Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990.
Les heile saka