Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990. Det var Jon Lunde i si tid som var eldsjela til dette positive arrangementet, og med seg på laget hadde han kokkane Jenny Kvendset og Olina Halle den første tia.
No er det Eldregruppa i Todalen som tek av seg det administrative rundt middagsserveringane som går føre seg kvar onsdag i Sanitetshuset. I dager det Anne Moe som er leiar, medan Martinus Torvik er både sekretær og kasserar.
Kvar onsdag er det altså rundt 20 eldre som møtes til dekka bord og god servering. Dei betaler litt for seg, slik at det heile skal gå i rundt, men i tillegg har Eldregruppa og fått midlar til drift frå Svorka, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune via dei ulike midlane dei deler ut. I 2008 fekk dei også tilskudd frå kulturavdelinga i fylket. Då gjorde gruppa litt stas på medlemmene sine ved å dele ut gåstavar til dei som ville ha.
Nyheter knytta til Eldremiddagen
Eldrearbeidsprisen 2024
Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011, og vi lyser no ut etter kandidatar for 2024. Prisen skal gå til person, lag eller forening som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid. Send forslag på kandidat til kommunen innan 1. oktober 2024. E-post: post@surnadal.kommune.no Eller send forslaget til Surnadal kommune, v/eldrerådet, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
Den internasjonale eldredagen 4. oktober 2024.
Eldredagen i Surnadal blir markert på Hammerstuene 4. oktober kl. 13.00, melder Surnadal kommune i ei melding til Todalen.no
Fylkesleder i pensjonistforbundet Anne Lise Hessen Følsvik holder foredrag om årets tema.
Stavgang ved Toåa 1.juni 2023.
Todalingane er dyktige til å ordne til for folk som vil gå turar i den vakre bygda. Det er stiar og sitteplassar fleire forskjellige plassar rundt om. Denne gongen tok stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen frå Bruset og opp dalen langs Toåa til Ramsøya. 17 trimmarar, med og utan stavar, hadde våga seg ut i det usikre veret.
Lunsj – og raus kunstgåve til Saniteten
Tysdag inviterte Todalen Sanitetsforening sine «vaksne» sambygdingar til gratis lunsj i Sanitetshuset. Det er omsorgsberedskapgruppa som står som arrangør, og prosjektet er finansiert gjennom NKS og offenlege omsorgsberedskapsmidlar. Bra oppmøte i Sanitetshuset, og det var ein flott lunsjbuffe som møtte deltakarane som satte stor pris på tiltaket.
Den internasjonale eldredagen 1. oktober 2022.
Lørdag 1. oktober inviterer Surnadal pensjonistlag og Surnadal Eldreråd til markering av Eldredagen 2022. Eldredagen i Surnadal blir markert på Hammerstuene kl. 13.00., og tema for eldredagen 2022 er: Eldre kvinners motstandskraft.
Eldrearbeidsprisen – kandidat for 2022
Surnadal kommune deler ut eldrearbeidsprisen. Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011 og vi lyser no ut etter kandidatar for 2022.
Prisen skal gå til person, lag eller foreining som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid.
Grete og Martinus hedra med pris
I dag vart Grete og Martinus Torvik hedra med den gjeve «Eldrearbeiderprisen 2015» under ei tilstelning på Nordmøre Folkehøgskule. Det er femte gongen prisen bliir delt ut, og Grete og Martinus fekk den for sitt mangeårige arbeid innan organisasjonslivet i Todalen og Surnadal dei siste 20 åra.
Sluttstrek for Eldremiddagen
Onsdag inviterte styret i Eldregruppa til samling for å markere avslutninga for Eldremiddagen på Hammerstuene. Der vart det servert middag til tidlegare kokkar, styremedlemer og gode støttespelarar. Denne dagen kunne dei alle gå til ferdigdekka bord og få maten servert. Menyen var nydeleg sodd med potet, loff og østerdalsflatbrød. Til dessert var det nyplukka, friske […]
Siste Eldremiddagen i Sanitetshuset, ein epoke er over
Jon Lunde tok på slutten av 1980-talet initiativ til samlingar for eldre med servering og sosialt samvær. Eldremiddagen vart første gongen arrangert 8.februar i 1990 i Sanitetshuset. Rett nok var det nokre meir uformelle samlingar i 1988 og 89, men Eldregruppa i Todalen vart stifta i januar i 1990, og sidan har eldremiddagen vore eit fast arrangement. Det første styret i Eldregruppa var Jon Lunde, Olav Moe, Margit Halle, Jenny Kvendset og Steinar Husby. Foto: Dordi Jorunn Halle
Eldremiddagen kastar korta…
Komande onsdag blir den siste eldremiddagen i Sanitetshuset. Da blir det ikkje berre sesongslutt og ferie, men det blir slutt for gått, fortel leiar i Eldremiddagen i Todalen Reidun Østvik. Det er ei kjent sak at styret i Eldremiddagen har streva med å få tak i kokkar for å halde den sosiale eldremiddagen i gang det siste året. No kastar dei korta, og sluttar av etter å ha halde på heilt sia 80-talet.
Med nasjonalretten på menyen
Onsdag kl 13 er det ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset. Denne gongen er det nasjonalretten kjøttkaker som står på menyen, fortel Karen Johanne Talgø på kjøkkenenet. I tillegg til middag serveres det dessert og sjølvsagt kaffe.
Frista med «kjøtt og påsse» på eldremiddagen
Sist onsdag var det kjøtt og påsse på menyen på Eldremiddag, da dei feira «feittysdag» litte grann forsinka. Eit stort tjuetals gjestar hadde benka seg rundt 2 langbord, da kokkane Karen Johanne Talgø og Jorunn Ørsal serverte kjøtt og påsse, med suppe og fullt tilbehør til heile gjengen.