Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nybørsta vegar

Nybørsta vegar

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2011

Tysdag var to store «støvsugarar» frå Eidsøra Betong i bygda for å børste og støvsuge fylkesvegane. Det har vore mykje sand på vegskuldrene etter strøinga i vinter, og det har laga unødig mykje støv etter at det var bare vegar. No har dei altså børsta og støvsuga, og kjørt vekk løsgrusen som har skapt dette støvet. Det er fylkesvegen inn til bygda og  rundt bygda som har fått denne vårpussen. Da står det berre att å fylle alle hola i asfalten, før nokon øydelegg bilen sin eller kjører i kant på sykkel!

Publisert: 3. mai 2011, 21:37