Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny demensaksjon på gang – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 17. september 2023

Komande veke er det ny og landsofattande demensaksjon på gang, så frå tysdag 19. til torsdag 21. vil det kome ein bøssebærar på døra di.  Lokalt er det Surnadal Demensforening og helselag, Rindal demensforening og Åsskard helselag som samarbeider om demensaksjonen, og dei vil få god hjelp av årets russekull, elevar frå Surnadal barne- og ungdomsskule i tillegg til andre frivilige vaksne, fortel Liv Botten som er leiar i Surnadal Demensforening og Helselag. 

Liv Botten er leiar i Surnadal demensforening og helselag – i komande veke leiar hos demensaksjonen i Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Fredag samla ho og leiar i Rindal Demensforening Bettina Røen Helgetun russen på Surnadal  til briefing om opplegget, og tysdag startar jobben med å besøke alle heimar i kommunane Surnadal og Rindal. Bøssebærarane tek i mot både pengar og Vipps-innbetaling (709094), og pengane kjem til nytte for å drive den lokale foreninga.  I fjor vart det bruka til saman 77.000 til lokale arrangement og trivselstiltak.  Torsdag 21. når aksjonen er ferdig blir det samling for å levere bøsser – og premiering med pizza til bøssebærarane. 

Ta vel i mot russen når dei kjem på døra di med innsamlingsbøssene. Du kan gje pengar eller bruke vipps 709094 for å støtte innsamlingsaksjonen. Foto Jon Olav Ørsal

Komande veke er det storsatsing på demensaksjonen, og det vil bli både kåseri og filmvisning.  Det er ei stor satsing både på forskning og på å nå ut med informasjon om kva demenssjukdom er, og korleis både pårørande og andre bør forhalde seg til folk som er ramma av demens av eit eller anna slag. 

Ta vel i mot bøssebærarane når dei kjem og bankar på døra di ein av dagane – eller du kan  bruke det lokale Vipps-nummeret 709094

Hugs også demensdagen som er komande onsdag – da kandu møte opp på kulturhuset på gratis filmframsyning – dette kan du lese meir om her .

Du kan også møte opp på Frivilligsentralen for å høre kåseri om demens, og høre kva som blir gjørt for å prøve å finne ei løysing på denne alvorlege sjukdommen – det skjer kl 19:00 – du kan også lese meir om demensveka på Trollheimsporten.no

Først publisert: 17. september 2023, 21:00 - Sist oppdatert: 18. september 2023, 22:11