Den siste veka har det sjølvsagt vore knytta stor spenning til helgavêret. Regnvêret har trua heile Norgescup-arrangementet som går av stabelen på Kårvatn i helga. No ser det ut til at vêrgudane er komne på andre tankar, og etter vermeldingane på yr.no kan arrangementet bli den reinaste skifesta i Dalalia og oppover mot Tydalsnebba. Fredag blir løypa merka opp og kontrollert med tanke på eventuell rasfare. Laurdag er det klart til start!
Todalen idrettslag ventar bra deltaking på Norgescupen i randonee, der det er individuelle konkurransar laurdag og sprint på søndag. Det er også klasse for å trimmarar – både med og utan tidtaking. Rennleiar Nils Ove Bruset oppfordrar lokale randonee-entusiastar til å kome og delta. I Dalalia blir det også fint for publikum – sola varmar godt der no, og det blir nok mykje artig å sjå dersom du finn deg ein fin plass i nærleiken av løypa, seier Bruset
Søndagens sprintkonkurranse var opprinneleg planlagt til Reita ved Halset, men i «låglandet» er det snømangel og difor er denne konkurransen også flytta til Kårvatn. Der er det bra med snø og fine tilhøve for å arrangere konkurransane begge dagane. Søndagens sprintkonkurranse er ny av året, og her blir det nok spenning – i sprinten kan ting skje fort og blir nok ein liten godbit for publikum. Her finn du meir info om norgescupen i randonee og om påmelding!