Første helga på mars står Todalen I.L. som arrangør av norgescup i randonée i Dalalia på Kårvatn. Heilt sidan 2010 har Todalen I.L. stått som arrangør av både uoffisielle og offisielle norgesmeisterskap og norgescup-renn, og står faktisk på terskelen til å få internasjonale arrangement, fortel rennleiar Nils Ove Bruset.
Det er sjølvsagt for tidleg å presentere noko deltakarliste enno, men vi reknar med bra deltaking frå norgeseliten – har iallfall fått tilbakemelding om at Sondre Svensli stiller til start. Han skal delta i EM helga før. Deltakarlista blir først klar i slutten av neste veke.
Bruset melder om fine tilhøve i Dalalia og i traseen for den individuelle konkurransen som går opp til Tydalsnebba på 1274 m.o.h. Dette løpet går laurdag 3. mars, medan traseen for vertikalkonkurransen søndag 4. mars ikkje er heilt fastlagt enno.
Her kan du lese mer om rennet og om påmelding
Oppfordrar til lokal deltaking
Rennleiar Nils Ove Bruset oppfordrar lokale løparar til å bli med som deltakarar. Det er eigne klassar, både med og utan tidtaking. Trimløypa går til høgde «1040», og er dermed litt lettare. Men her har du iallfall høve til å teste kondisen enten du berre vil konkurrere med deg sjølv eller du vil konkurrere med andre. -Vi veit at det er mange som har utstyr for deltaking, og vi håper sjølvsagt at vi kan få til ein litt uhøgtidleg konkurransen der alle som har lyst kan delta. – Og Bruset lokkar med mange fine premiar også i trimklassen.
Stor utfart i området
Vi er sjølvsagt glade for at arrangementet på Kårvatn er lagt litt lenger uti sesongen i år, når løpet går 3. – 4. mars. Det er no fin solgang i Dalalia, og det er alt no stor utfart i området opp mot området ved Tydalsnebba. Det er også fint for publikum å ha tilhald både i Dalalia og oppe på platået rundt høgde «1040», og Bruset oppfordrar publikum til å bli med og gjera dette til festdagar i Dalalia.