Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
No blir det snart!

No blir det snart!

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. august 2012

Ved passering av Pilskaret i formiddag så måtte vi kjøre i gangfart på grunn av alle hola som har dukka opp igjen. Todalen.no hadde ei sak på dette i mars, og fekk da kjapp respons fra Kolo Veidekke om at her skal det ordnes opp, og det vart etter nokre dagar vart det fylt på grus slik at vegen vart farbar igjen. Utover våren og sommaren har det gradvis vorte verre og nå var det altså tid for å følgje opp saka. På tur ned bygda igjen var jammen Kolo veidekke komne til Pilskaret.

Det var Kjell Svensli som var i full gang med å fylle hola ved Pilskaret med knusagrus igjen, og han var promte konfrontert med lovnaden og å ordne dette vegstykket meir permanent.  Det var han klar over, og bekrefta at Kolo Veidekke forlengst hadde fått arbeidsordre på dette.  Problemet er at det er mange slike prosjekt rundt omkring på Nordmøre, men no var det snart Pilskarets tur, bekrefta han. Han antyda start rundt månadsskiftet august/september utan å love noen dato.

Når dei statar arbeidet skal dei skifte ut massen i vegfundamentet og ordne opp drenering, slik at problemet blir løyst ein gong for alle. I tillegg skal dei samtidig ordne vegen i Husbyevja, der kanten har svikta.

Publisert: 15. august 2012, 17:19