Tidlegare omtala brannslukkeboks Prevento her på todalen.no, er no anbefalt frå fleire hald om å fjerne eit parti som har merkinga 281014 i botnen. Prevento var produsert i Tyskland og hadde hovudlageret i Kristiansand. Produsenten er visstnok ikkje å få tak i , medan grossisten i Kristiansand er konkurs, melder Solvor Lindseth Øyen, som tidlegare hadde denne for salg.
Etter fleire rapportert episodar, der blandt anna ein boks eksploderte inne i kjøkenskåpen hos Ragnhild Ansnes Moe, ber Solvor alle som har slike i hus om å forsiktig tømme dei utandørs. Dette gjeld altså alle boksar i partiet med trykket 281014 under som må tømmast og leverast der «boksavfall» skal leverast.
Under ser de ein som gikk i lufta på Kvernhaugen for ei lita veke sidan. Årsaken til dette er svak sveis i botnen på akkurat dette partiet.
Foto: Ragnhild Ansnes Moe
Desse boksane må ikkje forvekslast med boksane som blandt anna Gjensidige Surnadal selger/gir ut. Dei er kvalitetssikra etter alle kunstens reglar. Dei kan fortsatt anbefalast som eit supplement til ordinært sløkkjeutstyr i heimen. Les meir om dei her på Gjensidige sin sikkerhetsbutikk