Åshild Fjøseid har sendt oss eit bilde frå restaureringa på taket av Uvdal stavkyrkje. Ho las tidlegare i vår her på todalen.no om tømmerdrifta med helikopter i, der «spesialfuru» frå Øyalia i Todalen skulle brukast til takspon på fleire stavkyrkjer i landet. Det var Husasnotra i Valsøyfjorden som skulle produsere takspon til stavkyrkjene i Nore og Uvdal, og todalståillå som vart floge ned først på januar i år, er no vorte til 15.000 takspon til dei to kyrkjene etter kvart.
Åshild har kjentfolk på Rødberg, så da ho og Anders Halset skulle reisa sørover til Skien for å reise ein tur med Telemarkskanalen stoppa vi ved først ved Uvdal stavkyrkje før dei besøkte kjentfolket.
Bilete er frå Uvdal stavkyrkje, oppsett i 1168.
Her er saka om tømmerfraktinga frå 21.1.14: Tømmerdrift med helikopter