Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Massevis av nye smårollinger

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. februar 2015

I fjorhaust vart det teke fleire flotte stamlaksar under stamfisket i Toåa, for produksjon av smolt ved Rossåa settefiskanlegg. No er rogna befrukta og skal etter kvart bli rundt 4000 2-årig smolt som skal settes ut i Toåa i 2016. Noko av overskotet av rogna frå desse storlaksane – rundt 20.000 i talet – vart før helga sett ut som såkalla augerogn i Toåa og skal etter kvart som dei blir klekt prøve å klare seg sjølve utover våren.

Augerogn_8507

Slik ser befrukta rogn ut – såkalla augerogn. I løpet av våren yngelen klekt og dreg «ut på livet» i Toåa. foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Rogna som altså er befrukta blir sett ut i elva i såkalla Vibert-kassar som er konstruert slik at dei held på rogna til dei blir klekt, og så vil den nyklekte yngelen sjølv finne vegen ”ut på livet” i elva. Resten er det plana å sette ut som eittårig yngel til våren. Når ein gjer det på denne måten så oppnår ein å spreie genane best muleg, seier Monika Klungervik, hos Rossåa settefiskanlegg. Augerogna vart denne gongen sett ut i 2 områder i Toåa. Frå Storfossen og nedover til Bjøråa, frå Lakssteinen og nedover til Bruset. Dette er områder der tilhøva i elva er spesielt gunstige med tanke på skjulestader og oppvekstmiljø. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Todalen elveigarlag, og leiar Ola bruset var med på utsettinga av rognkassar denne dagen.

Boksane er godt merka med blå band og er delvis grovne ned på slike plassar at dei ligg trygt, samtidig som dei er sikra tilgang på vatn om vassføringa i elva varierer ein god del utover vinteren og våren. For at rogna og yngelen skal overleve er det viktig at dei får ligge i fred, og at dei ikkje blir tekne opp av vatnet, fortel Klungervik. Ho seier vidare at denne måten å produsere yngel på er det næraste ein kan kome naturen metode på.

På Statskrafts settefiskanlegg i Rossåa produserer dei yngel og smolt for å oppfylle konsesjonskrava etter vasskraftutbygginga i Toåa, Surna og Bøvra. Etter stamfisket blir genane kontrollert slik at ein er sikker på at dei genane som blir vidareført er frå dei opphavlege laksestammane dei forskjellige elvane.

Vibertkasse_8433

Vibertkasse for utsetting av rogn. Den held rogna på plass, samtidig som den slepper ut nyklekte yngel. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

KimMeland_MonikaKlungervik_8511

Godt med ei hjelpande hand for å kome over elva. Kim Meland og Monika Klungervik. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Heile gjengen_8445

Klar for «aksjon rognutsetting» i Toåa. Frå venstre Monika Klungervik, Kim Meland (på utplassering frå Frøya vidaregåande), Frøydis Bolme Hamnes og Ola Bruset(leiar i Todalen elveeigarlag). Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

FrøydisBolmeHamnes_8470

Frøydis Bolme Hamnes posjonerer ut augerogna i rognkassane. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. februar 2015, 05:00