En søndag i månaden har Slettneset steinovnsbakeri ope for gjestar som er ute etter ein kaffekopp og noko godt å bite i. Karin Åsbø og ektemannen Nils Håvar Øyås har i halvanna år jobba fram til eit så langt vellykka konsept på Karins heimplass på Nordvik. Bygninga vart flytta frå Folldalen til Slettneset i fjor sommar. Mange arbeidstimar seinare kunne det driftige ekteparet forsøke seg på åpent bakeriutsalg no i haust. Første åpningsdag var under SUSU-prosjektet sitt laurdagsarrangement i Svinvika siste helga i august, og etter den vellykka seansen har bakeriutsalget som sagt hatt ope ein søndag i månaden etter det.
Dagens produksjon med 100 av både skulebrød og kanelsnurrar og 50 brød starta klokka 05 i dag tidleg, fortel Karin. -Hadde eg hatt kapasitet til meir, så hadde eg nok seld meir også, smiler ho. For utvalget i brødavdelinga ein stor time før stengetid var faktisk redusert. Som forhåpentleg vis gjer at bakeriet held ope fleire søndagar framover i 2019 også!
Ekteparet kan fortelje at lokala også er i full bruk mellom bakesøndagane. Svinvik Gard med Kristina Svinvik leiger no lokalene både midt i veka og i helgene. Dei har så langt hatt fulle hus både fredag- og laurdagskveldane med sin selskapsmeny etter åpninga, i tillegg til ulike firmatilsteldningar midt i veka.