Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kveldsope i arboretet denne veka

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juni 2020
No kem sola og varmen for fullt, og da skjer ting fort i arboretet.  Derfor held vi ekstra ope på kveldstid denne veka: tysdag, onsdag og torsdag til kl. 20.00. Opningstida blir då frå kl. 11.00-20.00 desse dagane. Onsdag frå klokka 17.00-20.00 opnar vi kiosk-luka og sel kaffe og is med meir!
Blomstringa er på sitt finaste no, og vi ønskjer med dette å leggje til rette for at enno fleire skal få høve til å oppleve den. Benytt sjansen og ta turen!
Velkomne alle saman – her i arboretet er det god tumleplass og dermed trygt å prise våren!
Publisert: 8. juni 2020, 17:58