Surnadal kulturhus stiller ut eigen kunst fram mot Vårsøghelga. Surnadal kommune har ei ganske stor kunstsamling som er hengt opp i ulike kommunale bygg. Nokre av desse kunstverka har også funne sin heim på kulturhuset. og her har også Surnadal kunstforening og Laget Vårsøg bidrege.
I ventetida fram mot at akkurat Vårsøghelga, som blir arrangert 25. – 29. mai, blir Finstuå no bruka til denne kortreiste utstillinga av kunst du finn, eller kunst du kanskje ikkje har funne, på kulturhuset.