Laurdag er det «handle lokalt-dag» på Matkroken. Som vi tidlegare har omtalt er Matkroken deltakar i det såkalla Merkurprogrammet for sistebutikkar, og laurdag er det nasjonal kampanjedag for lokal handel i dei såkalla Merkur-butikkane. På Matkroken i Todalen blir dette markert både med infomateriell og ikkje minst kaffe og blautkake til alle som stikk innom butikken denne dagen.
Handelsmann Nordvik har alt kontroll på trakteringa, og 2 store marsipankaker er komne på plass på kjølerommet, og laurdag kl 10 er det klart for servering. – Vi serverer kaffe og blautkake heile dagen – iallfall så langt det rekk utover dagen, seier Nordvik.