Når standhaftig snøbyger peip rundt novene for eit par veker sia var det nok mange som heller venta på vår og varme. På Hageland Surnadal var dei nok spendte på kva Tregde & Co hadde å by på når dei oppdaterte vêrmeldinga på yr.no. Etter kvart har dei da funne att sola , men varmen er det berre så som så med. Men no blir det etter kvart betre og på Hageland bugner det av både blomster, busker og planteskulevarer som berre ventar på å få seg ein ny heim i ein eller anna hage på «indre».
Hubertine Roerink som er gartner på Hageland fortel at dei aldri har hatt så stort utval og så mykje varer som i år. No er alt klart til storinnrykk for kjøpelysne nordmøringar som er klare til å starte med våronna i hagen. Hageland har fått mykje ros for hagesenteret sitt, og opplever stadig at det kjem kundar både frå ytre Nordmøre og frå Trøndelag og Trondheimsregionen for å handle. Men sjølvsagt er det kundar frå nærområdet som utgjer den største kundegruppa.
I tillegg til planter, busker og trær så har vi ei fin utvikling både på hagemøbler og på innemøbler som sofaer, lenestoler og andre møbler, fortel Oddmund Jørgensen er ansvarleg for disse varene. Møbler er ein viktig faktor utanom høgsesongen for hagesentret og det er velding artig å oppleve at responsen på disse varene øker i omfang.
No i vårsesongen er hagesentret ope alle dager (Unnateke 17. mai – da er hagesentret stengt) – måndag til fredag 9-18 – Laurdagar 10-16 og søndagar 12-17
Vi har laget et biildegalleri frå hagesenteret som no kan vise eit helt unikt utval i både planter, busker, tre og tilhørende varer. Alle foto: Jon Olav Ørsal