Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klar for våronn – no kan varmen berre kome!

Jon Olav Ørsal Fredag 30. april 2021

Når standhaftig snøbyger peip rundt novene for eit par veker sia var det nok mange som heller venta på vår og varme.  På Hageland Surnadal var dei nok spendte på kva Tregde & Co hadde å by på når dei oppdaterte vêrmeldinga på yr.no.   Etter kvart har dei da funne att sola , men varmen er det berre så som så med.  Men no blir det etter kvart betre og på Hageland bugner det av både blomster, busker og planteskulevarer som berre ventar på å få seg ein ny heim i ein eller anna hage på «indre».

oddmund Jørgensen har rusta seg med plantejord. – Vi sel store mengder blomsterjord no i vårsesongen seier Oddmund. Foto: Jon Olav Ørsal

Hubertine Roerink som er gartner på Hageland fortel at dei aldri har hatt så stort utval og så mykje varer som i år.  No er alt klart til storinnrykk for kjøpelysne nordmøringar som er klare til å starte med våronna i hagen.  Hageland har fått mykje ros for hagesenteret sitt, og opplever stadig at det kjem kundar både frå ytre Nordmøre og frå Trøndelag og Trondheimsregionen for å handle.  Men sjølvsagt er det kundar frå nærområdet som utgjer den største kundegruppa. 

Anita Talgø (bildet) og Hubertine Roebroek har fått alle planteskulevarer – planter, busker og trær på plass i uteavdelingen. Aldri har utvaler vore så stort seier Anita til Todalen.no Foto: Jon Olav Ørsal

I tillegg til planter, busker og trær så har vi ei fin utvikling både på hagemøbler og på innemøbler som sofaer, lenestoler og andre møbler, fortel Oddmund Jørgensen er ansvarleg for disse varene.  Møbler er ein viktig faktor utanom høgsesongen for hagesentret og det er velding artig å oppleve at responsen på disse varene øker i omfang.  

No i vårsesongen er hagesentret ope alle dager (Unnateke 17. mai – da er hagesentret stengt) – måndag til fredag 9-18 – Laurdagar 10-16 og søndagar 12-17  

Oddvar Wege dreg kortet og er klar for å taste kode til ida Bochkon. Foto: Jon Olav Ørsal

Ida på tur ut til kunde med blomster. Ida er blomsterdekoratør og leverer mykje blomster i samband gravferder og andre arrangement. Foto: Jon Olav Ørsal

Malin Sveen har mange varianter og gode tilbud på blomsterjord. malin fortel at ho er på Hageland på 5. sesongen og er ferdig på VK2 på blomsterdekoratør på vidaregåande. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har laget et biildegalleri frå hagesenteret som no kan vise eit helt unikt utval i både planter, busker, tre og tilhørende varer.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

DSC_0162

Image 3 of 24

Bildeglimt frå Hageland Surnadal

Publisert: 30. april 2021, 17:00