Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøp fastelavensris

Jon Olav Ørsal Fredag 13. februar 2015

Tidlegare i veka hadde vi ei sak om sanitetskvinnene i Todalen som produserte fastelavensris til aksjonen no i helga. Fredag og laurdag er dei på plass på «torget» på Matkroken L. Hals med både fastelavensris og eit flott fastelavenstre på vegkanten framfor butikken.

ÅseRedalen_fjørsalg_8532

Ved vegen utafor butikken er sanitetstreet plassert. Fredag føremiddag var det alt kome mange fjør på plassi treet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var Åse Redalen som var på plass med eit hundretals fastelavensbukettar og fjør i kråa mot Kaffekroken og ho fortalte at salet gikk unna. Ein risbukett med fjørpunt kostar 50 kroner, og ei fjør til utetreet kostar 20 kroner. Utetreet er forresten eit godt alternativ dersom du har pollenallergi og ikkje vil dra bjørkaris inn i huset.

Publisert: 13. februar 2015, 13:22