Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn: Skikkeleg respons på påskesalget

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2023

Travle tider på Kårvatn Fjellustyr – klær og skiutstyr har fått skikkeleg trøkk og mange som har vore butikken på handel har spent på seg utsyret og sette opp Dalalia til området rundt Tydalnebba på «prøvetur», fortel Gudmund Kårvatn og Olve Børmark.  I det fine vêret har toppturene tatt heilt av og parkeringsplassen på Kårvatn var proppfull av bilar og folk. Før påske er butikken open tysdag 4. april og onsdag 5. april i tidsrommet 10-16 – og salget vil fortsette etter påske, seier dei Gudmund og Olve.

Familien Gjønnes frå Orkdal var innom for å låne utstyr til heile familien for resten av påska – dei ville prøve først før det kjøpte randoneeutstyr. Foto Kårvatn Fjellustyr

Det er enno mykje snø i fjellet og skikkeleg godt skiføre heilt ned til gardstunet seier Gudmund som fortel at det fine vêret skal fortsett så langt fram vi kan sjå.  – Vi har som sagt hatt fullt kjør i butikken og det har kome folk både frå fjern og nær for å sikre seg utstyr til påsketuren.  Og det ser ikkje ut som sesongen tek slutt på lang tid enno – og med dei prisane som gjeld lokalt no, så blir det da ekstra mykje skiglede for pengane.  

Hedda Fiske-Nygaard hadde investert i nye ski og sko – ho gledde seg til prøveturen i morgon. Foto Kårvatn Fjellutstyr.

Her kan du laste ned tilbudskatalogen med alle gode tilbud og bla deg gjennom!

Plakaten for tidenes påske- og jubilumssalg – med rabatt på det meste som finnes i butikken – og salget fortsetter etter påske, og det gjer skiføret også!  

Her kan du lese meir om salget på Todalen.no 

 

Publisert: 3. april 2023, 20:17