Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Forsøpling ved miljøkonteinerane

Forsøpling ved miljøkonteinerane

Ole Petter Talgø Fredag 4. desember 2009

Ikkje alle todalingar har like stor respekt for miljø og gjenvinning. Dette viser seg blant anna ved miljøkonteinerane som står utplassert ved ICA Todalen. Konteinerane som er beregna på retur av glass og metall blir stadig vekk brukt som dumpeplass for restavfall. Dette har blant anna Ragnar Halle ved ICA Todalen, som ligg rett ved konteinerane, sett seg lei på.

Fuglane har forsynt seg av restavfallet

Matavfall og anna restavfall blir raskt funne av fuglar ikkje har noko problem med å kome seg gjennom søppelsekkane og plastposane som blir brukt. Dette fører til forsøpling av området, og mykje ekstraarbeid for renovasjonstenesta.

Det finns ein kontainer ved fabrikken som er beregna på restavfall, normalt forbeholdt hytterenovasjon. Denne blir mykje brukt om sommaren, men utanfor turistsesongen blir den ikkje alltid fyllt opp. Om ein ikkje klarar å bli kvitt restavfallet sitt slik ein egentleg skal, hadde det vore bedre å dumpa det der i staden for å la det slenge ved miljøkonteinerane. Restavfall-konteineren ligg ikkje mange meter frå miljøkonteinerane. Det begrensar fuglane sin tilgang, og gir dermed mindre ekstraarbeid og mindre avfall som flyt rundt.

Konteiner for hytterenovasjon ved fabrikken

Det blir ikke dumpa berre restavfall ved denne konteineren, og når Todalen.no besøkte den i dag, var det blant anna møblar og elektronikk som var dumpa i og rundt kontaineren. EE-avfall, eller elektronisk avfall, skal ikkje kastast i restavfall. Alle forhandlarar av tilsvarande produkt har plikt til å ta i mot uønska elektronisk avfall gratis.

Hvis du lurar på kvar du skal gjera av avfall du har, kan du sjå på Nordmøre Interkommunale Renovasjonsselskap sine sider. Der finn du ein stor oversikt over avfall, og kvar du kan levera avfallet på en forsvarlig måte i Surnadal Kommune. Vi håpar alle tek ansvar for at sitt søppel blir kasta på ein forsvarleg måte.

Publisert: 4. desember 2009, 13:37