I ein nyheitssak i onsdagens Driva fortel dagleg ledar Ola Magne Nordvik i Talgø Møbelfabrikk at dei er svert godt nøgd med utviklinga for Talgø-bedriftene i år. Det er ei omsetningsauke på heile 25 % for konsernet, og T-Komponent toppar statistikken med 34% sammenlikna med same periode i 2009. Men også Talgø Møbelfabrikk i Todalen og MøreTre i Surnadal ligg bra an med 25 og 14 % auke. Ekstra gledeleg er det at alle Talgø-bedriften i år ser ut til å kome ut i pluss og gi eit godt resultat for konsernet samla. Les meir om dette på nettsida til Driva.no og PDF av papirutgåva.