Gjeldnes Maskin er i gang med å pusse opp uteområdet ved Todalshytta. Den siste biten av vegen opp til parkeringsplassen blir utvida og forbedra, og blir no støtta opp med ein mur mot sanitærbygget. Området mellom parkeringsplassen og hytta er også ordna, og det er planta rododendron i heile skråninga frå Ishuset og utover.
Kristiansund og Nordmøre turistforening hadde i helga dugnadsarbeid for å ordne opp og plante i skråning. Tidlegare i vår var det dugnad med skogrydding og vedproduksjon. Etter plana skal det og ryddjast meir mot bygda, slik at det atter skal bli utsikt utover bygda.
Det nye vertskapet på Todalshytta, Helene Ness og Eric Malling, satsar på sesongopning på Todalshytta til pinsehelga.