Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein skal tidleg krøkast…

Ein skal tidleg krøkast…

Elinor Bolme Tysdag 10. januar 2012

…om trufast todalen.no-tilhengar skal bli! Difor har redaksjonen ved underteiknande i dag overbringa ei lita gåve til våre kommande lesarar ved Todalen barnehage.

Todalen.no nok ein gong investert i litt profileringsmateriale. Før jul kom pennar og isskråper mange til gode, mens vi no på nyåret fekk levert buffane vi hadde bestilt. Sondre Halset, som er økonomiansvarleg, lovar at alle som betaler for personleg medlemskap for 2012 vil få ei lita helsing i postkassa si.

I retur frå barnehagen fekk vi i lag med bildet ei triveleg helsing:

  Hei, og godt nyttår frå Todalen barnehage!

Vi takkar så mykje for nyttårsgåva frå Todalen.no! Buffane blir gode å ha no framover vinteren når vi skal ut og baske i snøen. Her har 11 av 14 barn alt teke i bruk buffane…

Først publisert: 10. januar 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 9. januar 2012, 20:04