For nokre dagar sia skreiv vi om Astrid Berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si. Tysdag 9. november kjem dei til Matkroken Todalen for å for å presentere og selje boka til interesserte todalingar.
Omtalen på Todalen.no gjorde at det var fleire som tok kontakt med tanke på å kjøpe boka. Difor vil dei to forfattarane være til stades på Matkroken tysdag 9. november i tidsrommet 14.00 – 16.00 for å promotere boka om familien som stammar frå Ørsalgeilen.