4. desember i 2020 vart det felt ein stor hannjerv ved Vassosen i Todalen. Jervfallet vart sjølvsagt behørig dokumentert av SNO (Statens naturoppsyn) og det vart sendt inn DNA-prøve for analysering i direktoratet. No er denne analysen klar, og vi har fått tilbakemelding frå Lars Olav Lund i SNO, med kart og info om tidlegare observasjonar.
Den store hannjerven er nok ein kjent «herremann» som er observert og dokumentert med DNA-prøver på mange plassar rundt omkring i sentrale deler av Trollheimen. Fleirtalet av funna er gjort i Oppdalsfjella – nærare bestemt i området ved Kråkvasstind, med det er også funn i Storlidalen og i Gjevillvassdalen i tillegg til Tovatna, samt Gammelseterdalen og i Folldalen.
Til saman er det gjort 79 treff på hannjerven JI405545 Ind3656+, som er identiteten til denne hanjerven, som altså vart felt ved Vassosen i Todalen den 4. desember i 2020. Derom du studerer kartet på Rovdata så finn du meir info om kva slags observasjon som er gjort.