Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det blir mykje nedbør natt til laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 21. september 2018

Yr.no har hatt mykje ekstremmeldingar dei siste dagane – ført var det stormen «Helene» som har herja rundt Stadt, og no er det «Knud» som er aktiv med både vind og regn på Sørlandskysten.  Her på traktene er det meldt regn frå i dag fredag og meir eller mindre ut 10-dagersperioden. Spesielt blir det etter meldingane mykje regn frå fredag kveld og det komande døgnet – til saman kan i 24-timersperioden bli opp mot 40 mm.

Det vil nok føre til mykje vatn i alle vassdraga her og spesielt er det mykje nedbør utpå natt til laurdag. For Toåa er det akkurat no litt spesielle forhold, sidan det pågår vedlikeholdsarbeid i Driva kraftverk, som er stengt fram til 26. oktober. Det fører til overløp mot Todalen, dersom Tovatna fylles. Blir det store nedbørsmengder og flaum vil overløpet på Tovatna kome toppe ein eventuell flaum.

Vervarsel fram til søndag kveld. kilde: yr.no

Vi tok ein telefon til TrønderEnergi som har ansvaret for  damanlegget på Tovatna og drifta der for å høyre korleis forholda er der i dag. Magne Røen, som er avd.leiar for energiforvaltninga i TrønderEnergi kunne berolige oss med at det enno er ca ein halvmeters demping i Tovatna, og at det neppe kom til å bli overløp før over helga. Røen trudde også at noko av nedbøren kanskje ville kome som snø i den høgda, og at det ville dempe tilsiget litt. Dermed er det vel liten sjanse for at de store nedbørsmengdene natt til laurdag skal bli påverka av overløp på dammen ved Tovatna.

Men i alle fall er det lurt å sjekke stikkrenner og rør, slik at det regnet som kjem får avløp uten å gjera nokon skade!

 

 

 

Publisert: 21. september 2018, 14:14