Bli med inn i H.C. Andersens fantastiske undervannseventyr når teaterversjonen av «Den lille
havfruen» gjester Surnadal kulturhus torsdag 19. oktober kl. 1800. Nede under havets overflate venter prinser og havfrueprinsesser, havhekser og havkonger – og drømmen om å finne ekte kjærlighet.

Ettermiddagskaffe på Røde Kors huset
Omsorgsavdelinga hos Surnadal Røde Kors inviterer til ettermiddagskaffe som vanlig førstkommende tirsdag kl. 14.00 på Bøvra.
Kaker og kaffe samt utlodning.

Stavgang til Bettennesset i nabokommunen Halsa
På årets nest siste stavgangtur vart det utflukt til nabokommunen Halsa, og stavgangtur til Bettennesset. Her er det fint tilrettelagt, med parkeringsplass på langrennstadion i Betna, så kan du ta runden oppetter vegen og gjennom skogen etter vegen som går fram til Bettennesset hyttefelt, der det er registrering av StikkUt-turen.
Les heile saka
Soknerådet takka dugnadsgjeng
Sommaren 2017 vart graset på kyrkjegarden i Todalen slått på dugnad, og onsdag kveld fekk dugnadsgjengen takk frå soknerådet som spanderte kaffe og nydeleg kake. Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd som er ansvarleg for drifta av kyrkjene i kommunen, slit med trong økonomi og har ikkje pengar til å leige inn ferievikarar til sommarstell av kyrkjegardane.
Les heile saka
Sanitetsbasar på søndag
Todalen sanitetsforening ønskjer alle velkomne til den årlege basaren i Sanitetshuset søndag 8.oktober frå kl. 14. Det blir trekning kl. 17.
Les heile saka
Stem på månadens bilete for september
Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag. Send inn dine bidrag på red@todalen.no eller bruk skjemaet nederst i Dagens bilete-arkivet.
Les heile saka
Nyttig kurs i førstehjelp
Tysdag 3. oktober arrangerte Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening det årlege kurset sitt i førstehjelp og brannvern. Om lag 25 personar møtte opp og fekk ein svært nyttig repetisjon både i brannvern og førstehjelp.
Les heile saka
Inviterer til allsongkveld i Åsskard-kyrkja
Salmeskatten er felleseige. Det tek Åsskard kyrkje på alvor med «Allsong i kyrkja» onsdag kveld kl. 19.30. Koret «P17» fører an – med «Norsk Salmebok 2013» som meny. «Salmeboka minutt for minutt» på NRK-TV hausten 2014 var ein kjempesuksess som viste kor variert – og populær! – salmekulturen vår er. I tråd med dette er publikum «hovudaktør» i Åsskard denne kvelden, får synge kjente salmer i lag med «P17» og får lære ukjente.
Les heile sakaInvitasjon til kulturhuskonferanse
18.november 2017 blir det arrangert ein kulturhuskonferanse, på Bygdahuset Vonheim i Malmefjorden i regi prosjektet Huset i Bygda. Målgruppa for denne konferansen er organisasjonar og huseigarar frå heile fylket. Temaet for dagen er søknadsskriving og tilskotsordningar, og korleis ein kan auke arrangørkompetansen sin.
Les heile saka
Folkemøte – info om Halsetøran naturreservat
Kveldens folkemøte om Halsetøran naturreservat avslørte at det er behov for både meir informasjon og meir kommunikasjon – Ola Betten og Solveig Berg frå Fylkesmannen i MR signaliserte ei ny tid i tilhøvet til byråkratiet. Både grunneigarane og andre interesserte var invitert til kveldens infomøte i skulen. Dei to frå fylkesmannens kontor signaliserte at dei […]
Les heile saka
Stor innsats for UNICEF
Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!
Les heile saka
Saknar sauer i Bjøråskaret
Eystein Opdøl saknr nokre sauer som tidlegare i haust har gått mellom Bjøråskaret og Litj-Grinaren. Sauene vart sist observert for ei vekes tid sia, men da dei skulle hentast ned eit par dagar seinare var dei svart borte.
Les heile saka