Molde FK besøker Surnadal kommune på sin «distriktsturné» tirsdag 22. juni, bl.a for å spille en treningskamp mot Surnadal sitt 3. divisjonslag. Men spillerne skal også være instruktører i fotballskole på SØYABANEN.
Les heile saka
Molde FK besøker Surnadal kommune på sin «distriktsturné» tirsdag 22. juni, bl.a for å spille en treningskamp mot Surnadal sitt 3. divisjonslag. Men spillerne skal også være instruktører i fotballskole på SØYABANEN.
Les heile sakaI går kveld var deler av bygda samla i Todalen skule for å vera med på avslutningsfesten som elevar og tilsette hadde stelt i stand. I ein stor time klarte dei å underhalde foreldre, besteforeldre og anna interesserte med eit variert program mesta utanom det vanlege.
Les heile sakaLaurdag dreg Jon Husby og Hans Gundersen på sommarturne med trekkspell og saksofon. Turneen startar på Pakkhuset Pub i høve at Ålvundfjord bygdelag kjem på besøk med «Farra fjor’n», som er ei årleg utflukt dei har til ei av nabobygdene. Der skal musikarane underhalde medan gjestane får ein matbit og litt forfriskning, før dei dreg attende til Ålvundfjorden for å fortsette programmet.
Les heile sakaNo har du høve til å bli med på real fotballtipping på lokalt plan. Terje Nordvik har teke initiativ til å lage tippekonkurranse av fotball-VM som startar i desse dagar. Enkelt sagt skal du tippe gull-, sølv- og bronsevinnaren i sluttspillet for VM. Du får poeng for kvart lag du tippar rett, og den som får flest poeng får heile premiepotta som er 50 % av den totale innsatsen. Blir det fleire som får lik mange poeng, blir det deling av potta.
Les heile sakaDet er med stor stolthet fotballgruppa i IL Søya lørdag 12. juni inviterer til offisiell åpning for den nye kunstgressbanen ved Søyabanen. «Bankslettå» har en spilleflate på 50 x 32 meter og er et glimrende anlegg for 7-er kamper for aldersbestemte lag.
Les heile sakaVi gratulerer Lena Rovik frå Todalen og resten av Kvasslaget med flott sølvmedalje under HydroCup i helga. Her har vi saksa eit oppslag i Aura Avis om den spennede kampen. Vi gratulerer med innsatsen!
Les heile sakaI går kveld var det dugnad hos Todalen Sanitetsforening i Todalen. Det vart ikkje lege på latsida på noko vis. Busker vart flytta, plen vart opplina med tråd og redskapsboda innreidd.
Les heile sakaLaurdag 12. juni inviterer Ålvundfjord Bygdelag på nytt «Farra Fjor’n-arrangement». Det heile startar med at bygdelaget arrangerer tur til Todalen, der dei skal besøke Svinviks arboret. Vidare går turen til Todalen ungdomshus og vidare til Pakkhuset Pub for mat og drikke. På turen attende iviterer dei Todalingane til å bli med til fest i ungdomshuset Fossheim. Turen går via Hals-tunet og Steinsvoll til Fossheim.
Les heile sakaVi har fått informasjon fra Surnadal Velværesenter om kampanjer og aktiviteter utover året. Les saka eller gå inn på Surnadal Velværesenter sine heimesider, kor du finn timeplanar, informasjon om trening og medlemsskap.
Les heile sakaJon Bruset har vore på ny fjelltur. Denne gongen bar det også over Nordmarka til gamle Åsskard. Han skriv:
«Så vart det tur til Sæterbøskardet i gamle Åsskard kommune.Til setergrenda med Sæterbøsetrene og til fjelltoppen Skarven der ein har fin utsikt oppover Bæverdalen, og ein ser også langt inn i Trollheimen og utover havet mot Smøla om det er klårver.
Vi vil gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete i mai. Med nesten halvparten av de avgitte stemmene, var det tydeleg at det var eit populært bilete. Vi vil takke alle som sender inn bilete, og håpar dykk fortsett med det. Du kan og sjå på dei andre kandidatane, eller alle dagens bilete som har vore i vårt arkiv.
Frå Einar Grønnes har vi fått tekst og bilde frå historielagets søndagstur til Søyådalen. Han skriv:
«Da klokka var 10 hadde det samla seg ca. 40 personer ved gamle Eidet skolesom ville vera med. Kjørte i kollone innover dalen til første stopp som var der ein tek av til Tverrådalen, her var det informasjon.