Onsdag starta Pensjonistforbundet Surnadal på «haustsemestret» med det første medlemsmøtet etter ein lang sommarferie. I haust skal dei kjøre ein møteserie der dei vil sett fokus på folkehelsa. Først ute var det Trine Glåmen som var hyra inn som foredragshaldar med tema «Folkehelsa i Surnadal – einsemd påverkar folkehelsa».
Les heile saka
Da er Telia nettet i Todalen nede igjen! Nettet datt ut klokka 11:30 i dag, og i følge Telia kundeservice så skal feilen bli retta innen i morgen klokken 11:30.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Sanitetshuset måndag 25. august kl. 18:00. Temaet for møtet er kvinnehelse: Hormonbehandling i overgangsalderen.
Les heile saka
Tysdag 19. august inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klokkarhaugen i Stangvik. -Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Les heile saka
Fredag 22. august frå klokka 11:00 er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Da kan dei igjen by på fersk bakst, så da blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til helga.
Les heile saka
Det er oppfordringa når Surnadal kommune no spør innbyggarane i kommunen om kva behov, planer eller tankar dei har for eigen bustadsituasjon no og i framtida. Innbyggarane vil også bli spurt om dei er førebudd på alderdommen og eventuelle helseutfordringar.
Les heile saka
Torsdag 21. august klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Kvenndalen.
Les heile saka
Laurdag 23. august frå rundt klokka 09:00 er det klart for Søyacupen 2025! Det er påmeldt 89 lag, så her blir det fotball heile dagen på alle banane på Søyabanen. Det blir open kiosk og det blir sal av grillmat, så på laurdag kan ein innta middagen på Søyabanen samtidig som ein kan sjå så mange fotballkampar ein vil!
Les heile saka
Regnbyger heldt på å stoppe friluftsgudstenesta i arboretet i dag. Det regna faktisk godt i dag tidleg, men vêrmldinga på yr.no lova at regnvêret skulle gje seg i løpet av føremiddagen. Soknerådet tok difor avgjerda om å kjøre etter plana i Svinviks arboret – og yr.no heldt det dei lova. Gudstenesta i dag har dei kalla for «Skaparverkets dag», og da må vel arboretet være rett plassen for eit slik arrangement. På agendaen i dag stod det i tillegg til gudsteneste at det skulle være markering av 50-års konfirmantane og i tillegg utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringar.
Les heile saka
På grunn av melding om at Hennadalsvegen på grunn av vegarbeid er stengt for trafikk, endrar Fjellgruppa turmålet sitt tysdag, og inviterer i staden til tur til Klokkarhaugen i Stangvika. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkjøring til Stangvika.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til haustsesongens første kløvertur. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Det var ingen som kunne truge med å slå Erik Kårvatn på laurdagens Kårvatn Skyrace 2025. Det var einast vêrgudane som i morgontimane truga heile arrangementet med regn og kald vind. Den 29 km lange løypa vart avlyst, og deltakarane som var påmeld der, 28 i talet, vart overført til 15 km-løypa. -Det var ikkje forsvarleg å sende folk oppi høgfjellet med slik vind og nedbørsmengd vi opplevde da, seier leiar i arrangørklubben Mette Sæter Ormset.
Les heile saka