Denne ukens søndagstur går til Halsa, med start fra Innreiten og rundtur til Saksen og Kvalnesvika. Oppmøte på lunningsplassen ved Innreiten, dit du kommer ved å kjøre fra Ferjekaia på Halsanaustan og videre i retning Vullumstranda til Innreiten.
Les heile saka
Ola Talgø og Ove Edvin Sæterøy har lagt attom seg ei travel og spennande veke. To år som lærlingar på Møretres elementavdeling er over, og denne veka har det stått praktisk fagprøve på programmet. Den vart gjennomført med glans, og sensorane var godt nøgd med arbeidet til dei to.
Les heile saka
Torsdag 18. juni møttest Stavganggruppa ved Låna på Ranes. Vêrvarslinga yr har svikta oss denne dagen, for sjølv om dei melde opphaldsvêr og delvis sol i 1–2-tida, så regnar det heile dagen. Men trass i regnet: ut på tur ber det! Nokre få startar med ein avstikkar opp i Åsen før dei tek ein runde […]
Les heile saka
I sosiale medier dukka det opp eit par gamle bilder frå Todalen her om dagen. Dei var lagt ut av Jonny Bratseth frå Kleive og vi har no fått tillatelse til å publisere dei. Han etterspurte hjelp til navnsetting, og fekk ganske fort hjelp til dette på dei fleste bilda han la ut.
Les heile saka
Måndag kveld kjem det folk og røvarar til Nordvik Forsamlingshus! Stangvik Jentekor inviterer nemleg til «Kardemommefest». Koret har i vinter jobba med utdrag frå Thorbjørn Egners barnebøker om Kardemomme By og Hakkebakkeskogen. Måndag er det premiere – med bl.a. Kasper og Jesper og Jonatan, Tante Sofie, Polimester Bastian, pølsemakaren og trikkeførar Syversen.
Les heile saka
For mai kan vi gratulere Anders Gjeldnes som vinnar av månadens bilete med «Vinterstemning». Som navnet tilseier har det ikke vore mykje sommarmotiv å tak bilete av så langt i vår, men vi håpar det betrar seg utover sommaren. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
Styret i Todalen sanitetsforening melder no om at den ytterste leiligheta er klar til utleige frå 1. juli. Kjøkkenet har vore under renovering og nokre frivillige «sanitetskarar» har teke siste innspurt med blandt anna montering av knortar og oppvaskmaskin dei siste kveldane, for å få ho ferdig.
Les heile saka
Komande fredag blir det innslag frå Todalshytta på «Norge rundt» på kanalen NRK1. Det blir da eit innslag frå låtskrivarseminaret som var der den første veka i juni, har vi fått tips om. Norge rundt startar kl 19.30 – rett etter at Dagsrevyen er ferdig.
Svorka Aksess er i full gang med utbygginga av fiberbasert breiband i Todalen. På Kvennset er det forlengst kome i drift, – no står sørsida av bygda for tur, og no om dagen pågår utbygging på Todalsøra. Etterpå er det Brusetmarka, oppover til Gammelfabrikken som blir neste.
Les heile saka
Torsdag ettermiddag trør Norsk laksefestival til med ny laksefestival – eit omfattande arrangement som går over 4 dagar. Først ute er tivoli på Skei og fisking for borna ved Glønavatnet på Nordmarka. – Sidan går det slag i slag til avslutningsshowet på hovudscena på Skei, søndag kl 21.
Les heile saka
No startar oppskytinga til jakta, melder Søya & Todalen skyttarlag. Skytinga går føre seg på skytebanen i Ranheimsvingen på Kvanne, og det blir arrangert skyteprøve til saman 10 måndagskveldar mellom 22. juni og den siste kvelden 31. augst.
Les heile saka
Måndag kveld var det sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter. Her hadde alle elvar ved skulen, og ungane i barnehagen i vekene før øva godt for kveldens program. Og det var som vanleg ein fornøyelse å sjå, både for foreldre, søsken og den store mengden med besteforeldre som hadde teke turen til todalsskulen denne kvelden.
Les heile saka