Strålande sol, mild bris og ein solid frukostbuffet møtte dei vel 130 som i dag tok turen på Bordholmen etter biltoget på fellesfrukost. Fotballgruppa i Todalen IL hadde ordna seg på godt med besøk, og todalingane møtte mannsterke opp og vart servert både heimelaga brød, rundstykker, syltetøy og salatar.
Les heile saka
Å køyre biltog har ein lang tradisjon i Todalen. I starten var det berre nokre få bilar og traktorar som deltok, og det bar mest preg av å være eit slags «skrommeltog» på morgonkvisten – før den ordinære feiringa tok til.
Les heile saka
Ein tur rundt bygda avslører at det blir gjort førebuingar til nasjonaldagen – 17.-maikomiteen ståka med pynting og ordning til arrangementet i skulen, og eit «kokkelag» hadde god kontroll på produksjon av massevis med kjøttsuppe til arrangementet i morgon.
Les heile saka
I dag møttes vi igjen, denne gangen dro til Årnes. Et nydelig vær og mange bilde trimere. Noen har vært med i mange år og for mange er det første våren de er med.
Les heile saka
I fjor var det over 120 som kom på frokost på Bordholmen den 17. mai – i år reknar vi med minst 150! Det er Anders Gjeldnes og Knut Bergli i fotballgruppa som er slike optimister. Sikker ar det iallfall at fotballgruppas frokostservering på Bordholmen er populær og med fine vêrprognosar er det alt som talar for rekorddeltaking. I kveld var dei i gang med brødbaking…..
Les heile saka
I dag fekk Toåa Tursti nok eit ja på ein av dei mange søknadane som har vore sendt ut i forbindelse med realiseringa av turstiprosjektet gjennom Todalen Idrettslag. Michal Heimlund har hatt ansvaret for søknadane som har vore utsendt og smiler frå øre til øre når han overbringer beskjeden om at Sparebank 1 SMN i Surnadal har bevilga 50 000 kroner til idrettslaget og turstien. -Dette er berre heilt fantastisk, seier han. -Og enno har vi fleire søknadar som vi ikkje har fått svar på.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag melder at torsdag 16. mai er det stavgang på vakre Årnes. Parkering ved Jørristua, og turen startar derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Det må påregnes noen forsinkelser i sambandet, meldte Fjord1 i dag tidlig. Etter hvert er det etablert normal drift, står det i ny melding fra fjord1 kl 09.35.
I går kveld inviterte Ola Kvendset i Viastua til det årlege kusleppet for skuelystne Todalingar. Alt i alt skulle 36 kyr og kviger i alle aldrar endeleg få ut og starte vårsesongen 2019 med grønt gras under klovene. Damene tok slettes ikkje heilt av, men litt krumspring til ære for publikum bevilga dei seg.
Les heile saka
17. maikomiteen har programmet klart for feiring av nasjonaldagen her i Todalen. Det blir i stor grad feiring etter tradisjonelt mønster, og dagen startar med biltog rundt bygda som startar frå Matkroken kl 10 og som går via Gammelfabrikken og endar opp på Bordholmen. Der blir det tradisjonell frokost i regi av fotballgruppa i Todalen I.L.
Les heile saka
Måndag 13. mai vart det Stikk UT!-tur for Kløverturgjengen, Tjønnmyranrunden! Dette er ein riktig så fin tur som passar godt til Kløvertur.
Les heile saka
Programmet for nasjonaldagen på Nordvik starter tradisjon tru med tog frå Oppistua. Derfra blir det avmarsj til forsamlingshuset kl 14.30. Vidare utover dagen blir det tale for dagen av Lilly Gunn Nyheim, og ellers blir det servering av sodd. Bla vidare så får du opp plakaten med heile programmet for dagen!
Les heile saka