Måndag vart vi invitert med på utsetting av øyerogn i Toåa. Rossåa settefisk setter årleg ut smolt og 1-årig yngel, og dersom dei har overskot på rogn blir det sett ut befrukta rogn – øyerogn – i såkalla Vibertboksar. Til saman var det mellom 19- og 20.000 øyerogn som skulle settast ut på 2 plassar i Toåa. Nokre vart sett ut ved Romåhølen, medan resten vart sett ut ved Engjavadet i Halanesset.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening inviterer til «Skiskytingens dag». Det skjer på Gravvold i Bæverdalen laurdag 21. mars, i tidsrommet frå kl. 12.00 til kl. 16.00. Alle er velkomne til å delta. Indre Nordmøre forsvarsforening er medlem i Todalen.no
Les heile saka
Stangvik historielag minner om årsmøtet i kveld.
Stangvik historielag kallar inn til årsmøte i klubbhuset på Søyabanen måndag 24. februar kl 19:00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, og presentasjon av budsjett og aktivitetsplan for 2020.
Frist for å koma med forslag til saker som skal takast opp på årsmøtet, er 14. februar 2020, til leiar Einar Grønnes. Etter årsmøtet blir det orientering om restaureringa av steinløå oppi Svarrafjellet, og sjølvsagt kaffepause og litt traktering. Bla vidare for å sjå saklista…
Les heile saka
Våren nærmer seg fort og Svinviks arboret forbereder nå sesongåpning i mai. Årets sesong starter nemlig 9. mai og varer til 2. august. Til årets sesong søker arboretet nå etter 2-3 medarbeidere til kafeen i arboretet. Har du lyst til å prøve deg som kafemedarbeider i Svinviks arboret kan du bla videre og lese mer om dette i stillingsannonsen fra arboretet.
Les heile saka
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 24. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Det er for lengst gått ut innbyding til årets store randoarrangement på Kårvatn, der Todalen Idrettslag og Kårvatn Fjellutstyr samarbeider om vertskapsrolla. Da står Randonee Kårvatn Individuell på programmet laurdag og Randonee Kårvatn Sprint går på søndag, – og det er Dalalia og kjente toppar som «1040» og Tydalsnebba som er arena for norgescupen denne helga. I tillegg til Norgescup blir det og turklasse med tid og trimklasse.
Les heile saka
No må vi nytte skiføret og finvêret til å arrangere «Barn i løypa» sier leiar i TILs Ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik. Løyper blir køyrt opp i løpet av dagen, og kl 17.30 møtes vi på Tjønnmyran for å ta nokre rundar i lysløypa, er den korte beskjeda vi har fått! Ta med skiutstyr og godt humør – og kom!
Ein gjeng birøktarar var i dag samla til kursdag i Skulstuå i Todalen. Dagens tema var «sjukdom og hygiene hos bier», og dette er eigentleg eit autorisasjonskurs der birøktarane skal lære seg å ta vare på helsetilstanden i bikubane sine. Kurset går over 4 samlingar, med avsluttande eksamen. Kurset er laga av Norges birøktarlag i samarbeid med Mattilsynet, fortel kursleiar Anders Talgø.
Les heile saka
Lørdag 29. februar kl 13.00 ønsker Surnadal Kunstforening velkomne til utstillingsåpning i Finstuå, Surnadal Kulturhus.
Denne gongen har dei glede av å presentere keramiske verk av Brit Dyrnes og akvareller av Beate Gjersvold.
Les heile saka
Stor variasjon på Surnadal kino i helga: frå komisk inspirasjon til Oscar-sensasjon!
Les heile saka
Grunna vedlikehald i Svinviktunellen er det i kveldstimene onsdag kveld manuell dirigering på begge sider fram til ca 23. Karane i Mesta oppfordrar til roleg kjøring rund arbeidsstaden.
Det er no køyrt opp skuterspor opp Øyalia til Snekkardalshalsen, og vidare til Skihytta på Ørsalfjellet, melder TILs skuterkomitee. Dei rapporterer at det er mykje snø på fjellet, og oppfordrar folk til å vise stor respekt for rasfaren i fjellet.
Les heile saka