Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kommunal kantslått til ferien – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juli 2020

Torsdag ettermiddag pågikk det kanstslått i Brusetmarka, og det var nok stort behov for å pusse litt rundt vegkantane oppover frå Bruset. Spennande blir det å sjå kor langt budsjettet rekk denne gongen for det er stort behov for kantslått også oppover dalavegen til Kårvatn. 

En opplever i alle fall at både gras, ugras og kratt veks fort innpå vegen og gjer vegane mindre oversiktlig og dermed meir trafikkfarlege. Etter som vi har forstått vart det ikkje kantslått i Dalavegen i 2019, og dermed er nok behovet enda større i år.

Fredag var jobben gjort – og budsjettet rakk heilt til Kårvatn, med kantslått heilt fram til parkeringsplassen ved butikken. 

Først publisert: 2. juli 2020, 21:16 - Sist oppdatert: 3. juli 2020, 20:29