Stavganggruppa til pensjonistforbundet i Surnadal startar vårprogrammet komande onsdag, 30. april i Bøfjorden. Da er det Steinholmlia som er målet, og starten går frå Settemsøra, der det er plass for parkering. Da er alle velkomne til å bli med, og du blir oppfordra til å ta med ein turvenn. Den første turdagen er altså på ein onsdag, men vidare gjennon sesongen er det torsdag som er turdagen for Stavganggruppa, seier Wenche Kvendset til Todalen.no.
Les heile saka
Todalen Idrettslag sitt driftsstyre for Bordholmen arrangerer vårdugnad på Bordholmen stadion onsdag 30. april klokka 17:00 – 19:00. På vårdugnaden skal idrettslaget sitt anlegg på Bordholmen gjerast klart og presentabelt til ein ny sommersesong med mykje aktivitet.
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til dugnad på kyrkjegarden komande måndag 28. april frå kl 18:00 og utover. Da skal vi pynte opp både utvendig og innvendig, fortel Borghild Talgø som er leiar i Todalen sokneråd. Derfor oppfordrar ho til å ta med høveleg utstyr både til hagearbeid og reinhald inne.
Les heile saka
Todalen båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte fredag 16. mai kl 17. Årsmøtet blir halde i båthamna dersom det blir brukbart vêr – alternativ blir møtet flytta til kantina i 2. etasje på Talgø, melder styret i båtforeninga.
Bla vidare, så finn du sakliste og fullstendig innkalling som er lagt ut.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turen blir etter Toåa tursti.
Les heile saka
Første mai braker det løs med hele 620 turmål i vår region. I friluftslivets år oppfordrer vi alle våre innbyggere til å være ekstra mye ute. Bruk Stikk UT!-turene til å samle på fine naturopplevelser!
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte Statnett alle interesserte til informasjonsmøte om den nye kraftlina mellom Surnadal og Sunndal kommunar. Bakgrunnen er at Statnett har fått konsesjon av NVE til å bygge ei ny 47 kilometer lang 420 kV kraftline mellom Surna transformatorstasjon i Surnadal kommune og Viklandet transformatorstasjon i Sunndal kommune.
Les heile saka
Matkroken Todalen søker no etter butikkmedarbeidar i rundt 70% stilling. Så har du lyst til å arbeide i butikk med varierte arbeidsoppgåver, så er det berre å sende inn ein søknad!
Les heile saka
Alt på nittitalet starta Eiksenteret med «Vårtreff», der dei inviterte sine kundar til butikken i Industrivegen for å vise fram aktuelt utstyr – før våronna starta for fullt. I år er treffet litt prega av det store byggeprosjektet som Eiksenteret er i full gang med.
Les heile saka
Svinviks arboret i samarbeid med Surnadal hagelag inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 7. mai klokka 18:00. På årets vårdugnad er det kvistrydding og lukearbeid som er mest aktuelt.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 26.04 i tida kl. 13:00 -16:00 i Sanitetshuset. Vel møtt!
Les heile saka
Det er Kjell Gunnar Polden som lurar på om du eller nokon annan har mista ein hjulmutter. Den vart funne på vegen utafor Hett & Svett/Talgø, og han oppfordrar deg som har skifta hjul til å sjekke om det kanskje er fleire lause muttrar. Det kan være skikkeleg skummelt å miste hjul – ta ein sjekk om det er frå din bil. Det er faktisk ein god rutine å ettersette hjulmuttrane etter hjulskifte!
Det høyrer med til historia at det tok berre nokre få minutt før «muttereigaren» meldte seg til finnaren!