Interessant og nyttig tryggheitstreff i Sanitetshuset onsdag med fokus på trygg kvardag for eldre. Her var det mange gode råd og tips å få!
Les heile saka
Interessant og nyttig tryggheitstreff i Sanitetshuset onsdag med fokus på trygg kvardag for eldre. Her var det mange gode råd og tips å få!
Les heile sakaOnsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag, som tidlegare annonsert, inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget.
Les heile sakaNo er det tid for å betale kontingent for medlemskap i Todalen historielag for året 2022.
Les heile sakaI går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin siste tur denne sesongen, da 28 spreke pensjonistar tok turen til Gråfjellet. Turen starta frå Nordvik, der dei køyrde bomvegen oppover til Nordviksetra. Derifrå guida Ingrid og Jan Nordvik turfølget vidare i lett, tørt og fint terreng etter den gamle turstien som går til Sula.
Les heile sakaTorsdag 29. september inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Bøkeskogen i Stangvik. Oppmøte på parkeringsplassen ved Svisshomen klokka 11:00.
Les heile sakaDa er siste bøssa frå årets Demensaksjon komen inn og talt opp. Surnadal demensforening og helselag og Åsgard helselag er særs godt nøgd med eit topp resultat for årets Demensaksjon. Dei to helselaga i kommunen har samla inn til saman kroner 119.522,- under årets aksjon.
Les heile sakaSykkeltrimmarane i Todalen avslutta sesongen i går kveld, der sesongens siste «ritt» gjekk til Nordvik. «Turen gikk til Nordvik via gammelvegen og kammen/Brenna/Snøya», fortel Terje Nordvik.
Les heile sakaLaurdag 1. oktober inviterer Todalshytta til fårikåldag basert på årets lam. Siste veka på september er det lang tradisjon for å lage fårikål for å smake på årets lam. Lam som nærast er komene direkte frå fjellbeite i Trollheimen er vel noko av det ypperste du kan få som råstoff, seier Kjell Arve Vikavoll som skal sørge for at dette blir vellukka
Les heile sakaSol og landvind, nydeleg turområde og stort turfølge; betre kan det nesten ikkje bli på Kløvertur ein måndag sist i september!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar, nordvikgardingar og andre interesserte til treff i Sanitetshuset med tema brannførebyggande tiltak onsdag 28. september kl. 12:00.
Les heile sakaDa har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for fjerde kvartal 2022 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Fjerde kvartal strekker seg frå 1. oktober – 31. desember. Tømmekalenderen for første kvartal 2023, vil bli lagt inn siste halvdel av desember månad.
Les heile sakaFredag 30. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Lia gard feirar samtidig at inngangspartiet er pussa opp, ved å trekke ut ein heldig vinnar, av dei som førehandsbestiller innan onsdag, som får 5 skulebollar!
Les heile saka