Bli med på Trollheimsmarsjen 2010, oppfordrar arrangementskomiteen frå I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Trollheimsmarsjen er nemleg eit samarbeidspprosjekt mellom dei to idrettslaga. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august er datoen som du må merke deg. Marsjen startar på Bordholmen og går over Vardan til målgang på Leikvoll på Ålvundeidet.
Les heile saka
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen tapte 2-6 i bortekampen mot Sunndal mandag kveld, etter at det stod 0-2 ved pause. Laget hadde mange stor målsjangser i kampen, men fikk ikke uttelling. Men Sunndaler et godt lag, og seieren var velfortjent. Scoringer ved Bjørnar Melkild og Bersven Røkkum. Laget var meget skuffet over det store tapet, men de gjorde en brukbar kamp spillemessig.
Les heile saka
I morgen kveld blir det sending frå Kårvatn og Todalen på NRK. Innslaget vart filma sist veke av NRK journalist Roar Halten fra Kristiansund, og tar for seg Kårvatn Fjellutstyr AS. Innslaget vart filma sist veke av NRK journalist Roar Halten fra Kristiansund. Opptaket skulle egentlig bli sendt på distriktsnyheitene kl 18.40 i kveld, men er no vorte flytta til sendeskjemaet for i morgon kunne Halten sjølv fortelja.
Les heile saka
Laurdag vart det arrangert tur over Skjerdingfjellet sine 22(?) toppar. Turen var i regi av Trollheimen Mountaineering, og som ein post i programmet til Norsk Vandrefestival. Tre forventningsfulle guidar, Jo Gjeldnes, Tore Svinvik og Magne Svinvik, tok i mot tre eventyrlystne deltakarar, ein frå Todalen, ei frå Surnadal og ei frå Rindal/Trondheim.
Les heile saka
I forbindelse med Norsk Vandrefestival ble kunstprosjektet KVIT VARDE ved Toril Redalen påbegynt. Onsdag 11 August var det oppmøte ved Innerdalsmerket for første del av prosjektet.
Les heile saka
Laurdag til søndag vart det sett opp to lavvoar ute ved Vorpneset. Det var i regi av Start 4H sin årlege overnattingstur. Rundt 15 unge tok turen utover forbi Ansneset for å vera med. Start 4H eig sjølve begge lavvoane som vart bruka, og ungane/ungdomane var delaktige i rigging både opp og ned.
Les heile saka
Søndag 15. august er siste dag for fiske i Toåa for i år. Kl 24.00 sluttar både laksefisket og fisket etter sjøaure. Nye reglar som kom i år har regulert laksefisket til å starte tidlegare enn før (1.juni), og samtidig sluttar det 15. august istaden for 31. august. Fisket etter sjøaure starta også 1. juni, men sluttar i år 15. august i staden for 15. september.
Les heile saka
Fredag var gammelbrua ved Kårvatn komen til veis ende. Da vart brua revet, og dei gamle brukara fjerna. Gudmund Kårvatn seier at det var på høg tid, for gammelbrua var sterkt prega av forfall. Nybrua er bygd ca 50 meter lenger ned ved den nye butikken, og det er bygd ny veg over Bekkøya som kjem innpåatt vegen fram til Dalahaugen og parkeringsplassen ved Plassen. Gudmund fortel at ein del av materialane fra gammelbrua skal brukast til ny bru over elva ved Plassen.
Les heile saka
Denne veka har Talgø samla troppane til salgsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Etter ein sommar med veldig bra omsetning var det ein optimistisk gjeng som var samla. Talgø-bedriften T-komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk har hittil i år ei samla auke på heile 27%. Det tegnar til å bli ei bra fortsetting utover hausten også, seier konsernsjef Terje Talgø til Todalen.no.
Les heile saka
Årets Søyacup er i år satt til 21.august på Søyabanen. I følge lagets nettside er det i år rekordpåmelding med over 50 lag.
Les heile saka
Prisen for månadens bilete for juli går til Sondre Halset, med biletet «Ferieplass». Også denne gongen var det jevnt, og kun seks stemmer skilte dei tre bileta mest mest stemmer.
Les heile saka
Førstkommande søndag blir det åpning av «Fjellvisaren» som er oppsett på Strengen. Dette melder IL Søya på sin nettside .
Les heile saka