Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det toppar seg på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. oktober 2025

Utruleg sterk start på filmhausten på Surnadal kino, og no er filmklubben også i gang igjen. For å ta den eldste filmen først, nemleg den filmklubben viser onsdag 8. oktober klokka 12:00. 

Les heile saka

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. oktober 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med tur!

Les heile saka

Status søndag ettermiddag – snart normal drift

Jon Olav Ørsal Sundag 5. oktober 2025

S-nett melder om normal straumleveranse for store deler av bygda – Kvennset fekk att straumen mellom kl 15 og 16 i dag, og strakninga Kvennset – Kårvatn vart kobla inn presis kl 16.  Det som står att no er strekninga Kvennset – Todalsøra (Ansneset), der det enno står att ein reparasjon som må utførast før straumen blir kopla på.  Dei får att straumleveransen i løpet av søndag kveld – estimert tid kl 20:00.

Les heile saka

Statusoppdatering – framleis uten straum, breiband og telefon

Jon Olav Ørsal Sundag 5. oktober 2025

Vegen er open igjen, så vi er ikkje lenger isolert frå omverda.  Når det gjelder straumløysa så er det ein omfattande skade på straumnettet i stranda utmed Veahuskaia.  Mannskap frå S-Nett har jobba dag og natt for å få til ei midlertidig løysing for å få straumforsyning inn til Todalen – dette arbeidet er kome langt, og vil ha ei løysing i løpet av søndag føremiddag med straum til Kvennset.

Les heile saka

Ekstremvêret: Amy isolerte heile bygda

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2025

Dei siste dagane har vi vore åtvara mot ekstremvêret «Amy» som skulle bli det verste ekstremvêret på 25 år.  «Amy» kom som planlagt, og laga skikkeleg kaos med både stengt veg, straumutfall,  og utfall av breibandleveranse og telefon.  Når det er slik føler du deg ribba til skinnet, og det er ikkje enkelt å vite kvar ein skal starte for å kome seg innpå igjen.

Les heile saka


Todalen er utan straum

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2025

Uværet har ført til at det er massivt straumbrot i Todalen. Vi har foreløpig ingen informasjon om kva som er årsak og kor lang tid det vil ta før straumen er tilbake. 


No kjem ekstremvêret Amy med sterk vind

Jon Olav Ørsal Fredag 3. oktober 2025

No er ekstremvêret Amy på veg inn over Sør-Norge. Verst blir nok vær og vind på Skagerakkysten, men det vil nok bli sterk vind på våre kantar og.  Lokalt ligg vi her så vidt innafor orange sone for ekstremvarsel, medan heile Nordmøre ligg innafor gul sone.  Det er nok best å førebu seg på at det kan bli sterk vind – spesielt sterke vindkast.

Les heile saka


Steinar frå Elverum lappar saman asfalten

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. oktober 2025

Dersom du har observert ein rød veidekkebil med ei lang arm frampå, så er det Steinar Furali frå Elverum som er på tur rundt bygda for å reparere dei største hola i asfalten.  Han sprøyter hola full med ei slags asfaltblanding, og så legg han på eit «lokk» med strøsand på toppen.

Les heile saka


TALGØ MØRETRE AS søker fabrikksjef

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. oktober 2025

Talgø MøreTre ligger ved Surnadalsøra i Surnadal kommune og er en del av Talgø-konsernet. I 2024 hadde Talgø MøreTre en omsetning på 495 millioner og 85 ansatte. Anlegget ble overtatt av konsernet i 1997, og er i dag en betydelig aktør på det norske trelastmarkedet og markedsledende innenfor royalimpregnerte fasadeprodukter.

Les heile saka