Todalen historielag er godt i rute med årsskriftet for 2025, og inviterer på bokslepp i Todalen ungdomshus søndag 9. november kl 15:00. Årets hefte har 84 sider med mykje godt og variert stoff, som er presentert på ein fin måte. Leiar John Moe tykkjer det er bra at dei har klart å rekruttere ein ungdommeleg redaktør, som fekk Endre Talgø på trua til å ta jobben.
Komande søndag er årsskriftet klart for sal, og blir altså presentert på eit tradisjonelt «bokslepp» i ungdomshuset. Her satsar vi på at det skal bli ei triveleg stund, og det skal bli høve til å kjøpe seg kaffe og bakels og lage eit skikkeleg kaffelag. Det blir sjølvsagt høve for alle til å hente heftet som er inkludert i medlemskapet, og kanskje er det aktuelt å kjøpa fleire hefter? Årsskriftet høver godt til julegåve for «den som har alt» – og for julegåver som skal sendast.

Nostalgi på Todalsøra – hit kom rutebussen innom når han kom frå Surnadal. (Foto utlånt av historielaget)
Som sagt så er eit hefte inkludert i medlemsskapet for den som har betalt for 2025 – kasseraren etterlyser forresten innbetaling frå nokre som sikkert har glømt å betale innan fristen. No hastar det litt – og prisen formedlemskapet er 250 kroner – og er altså inkludert eit eksemplar av årsskrift.
Kåseri med Torbjørn Brøske
Torbjørn Brøske kjem på Boksleppet for å halde eit kåseri. – Vi veit ikkje kva tema han skal kåsere om, men vi veit han har mykje interessant i si «minnebok», så vi borgar for kvaliteten. Velkomen på bokslepp helsar Todalen historielag!



