Et pilotfjøs for melkeproduksjon hvor tre er hovedbyggematerialet er tatt i bruk på Averøya. Fjøset er et lettisolert fjøs i tre, utviklet for repeterbar og industriell bygging av MøreTre i samarbeid med melkebonde Finn Roger Trodal på Averøya. Prosjektet har støtte fra Innovasjon Norge/Trebasert Innovasjonsprogram. MøreTre melder allerede om flere forespørsler på konseptet og i følge melkebonden trives kyrne i nye omgivelser.
Les heile saka
Etter rimelig lang ventetid, har vi endelig premiene for månedens bilde klart. Vi har laget vårt eget todalen.no krus. Tidlegare vinnarar vil få sine krus i løpet av helga, og vi håpar dei fell i smak, kvar einaste dag!
Les heile saka
Trollheimstunnelen.no har lagt ut ein informasjonsfilm om tunnelen. Du kan sjå den nedanfor eller besøkja Trollheimstunnelen.no.
Les heile saka
I ettermiddag var det 5. divisjonskamp på Bordholmen mellom KvassUlvungen 2/SøyaTodalen og Halsa/Valsøyfjord. Resultatet blei 1-1 etter høyt press av heimelaget i sluttminutta, men sjansane gav ikkje uttelling.
Les heile saka
Avstemninga for månadens bilete i august er ferdig, og vinnaren blei Britt Mossing med biletet «Bakelsmåltid». Vi gratulerer, og premie vil bli overbragt snart.
Les heile saka
Onsdag kveld hadde Halsesamlinga årsmøte eller såkalla almannamøte i gammelskulen. Kriteria for å delta på årsmøtet er at du er todaling og formålet med Halsesamlinga er å ta vare på kulturarven etter forfattaren Leif Halse. Forutan vanlege årsmøtesaker var det to viktige saker som almannamøtet skulle ta stilling til. Den eine var flytting av Halsesamlinga fra Gammelskulen til biblioteket i Todalen oppvekstsenter og den andre var styrets forslag om å legge samlinga inn under Todalen historielag.
Les heile saka
I kveld var det ein spanande fotballkamp på Bordholmen. Vårt eige G10 lag møtte eit av G10 laga på Kvanne.
I eit forykande tempo frå start til slutt vart det scora heile 22 mål på under timen. Og for første gong denne serien, vart seieren til todalingane, med 13-9.
Les heile saka
Under dagens eldremiddag, som blir arrangert kvar veke i sanitetshuset, var det besøk frå ambulanse for å visa fram hjartestartaren som er innkjøpt i Todalen. Det var Arnt Ivar Brøndbo og Kari Halle som var på besøk, i tillegg til Ivar Bolme fra Todalen Brannlag.
Les heile saka
Ola Bruset og Nils Ove Bruset nytta finvêret sist helg til jakttur til Snøhettaområdet. Nils Ove har tildelt dyr der, og Ola var med som «sherpa» og fotograf. Resultatet av jakta vart heller magert, men dei hadde ei fantastisk fin helg i fjellet. Ola har sendt oss nokre bilde som vi legg ut som fotogalleri nedafor.
Les heile saka
GODT MOT, TODALEN minner om konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24. – 25.september 2010. Konferansen er gratis og interesserte kan ta kontakt med GODT MOT, TODALEN v/Ragna Kvendset på tlf 48 000 144, innan 10.september.
Les heile saka
I løpet av sommaren har det kome inn mye bilete til oss for dagens bilete, og tida er inne for å kåra månadens bilete for august. Vi har fått inn mange gode bilete, og måtte ha med åtte kandidatar denne månaden.
Les heile saka
Det er nok mange todalingar som er opptekne av dette spørsmålet. I dag står han der til forfalls, og for kvar dag som går vert han prega av ytterligare forfall. Den minste leilegheita er i dag disponert av Halsesamlinga, som har utstilling og boklager der. På grunn av dårleg vedlikehald og fuktproblem er lokala dårleg egna til dette, og da spesielt til lager av bøker og materiell. Surnadal kommune har lyst ut Gammelskulen for salg til høgstbydande over kr 200.000.
Les heile saka