Thore er årets hovudgevinst i lotteriet til Todalen sanitetsforening. No er det innspurt på loddsalet, samtidig som laget promoterer årets julekalender, fortel Kari Kvendset, som er nestleiar i Todalen sanitetsforening. I dag treffer du Kari på Matkroken Todalen….
Les heile saka
Går du Svinviksrunden så kan du ikkje unngå å høre (og sjå) hammarslaga i hyttefeltet på Kammen. Svinviksrunden går nemleg rett forbi hyttefeltet, og akkurat no er det to hytter «på gang». Den eine er kome under tak og den andre på god veg. Enno er det 5-6 hyttetomter i det regulerte hyttefeltet på Kammen.
Les heile saka
Tidlegare i haust gjekk Todalen Skule ut med etterlysning av strikkeglade damer som kunne være med hjelpe til i formingstimane. Responsen var god, og to til fire damer møtte kvar fredag utover hausten. Både ungane, strikkehjelparane og dei tilsette har hatt det utrolig koseleg disse stundene på fredagane fortel Randi Helene Husby frå skulen.
Les heile saka
Sanitetskvinnene – det vil seie dei 7 sanitetsforeningane i Rindal, Halsa og Surnadal har teke initiativet til gratis vaksinering av avgangselevane ved Surnadal vidaregåande Skole. Dei har fått med seg næringslivet som sponsorar og blar opp 45.000 til gratis vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse. I år er det 111 elevar som kan bli vaksinert, dersom dei tek i mot tilbodet.
Les heile saka
Det var det klåre budskapet til den nyvalde leiaren i Noregs Mållag, Magnar Aasbrenn under dagens språkstafett på Kløverstua. Det var Surnadal heimbygdlag som sto for arrangementet, og leiar Trygve Roaldset sa seg enig i at vi må auke fokuset på nynorsk som «vårt» språk også her på Nordmøre. Dialekta vår ligg så tett opptil nynorsk, at dette ikke bør vera argument for ikkje å ønske auka bruk av denne målforma.
Les heile saka
«Strikking» er tema for møtet i Indre Nordmøre Senioruniversitet onsdag 23.november på kulturhuset i Surnadal. Møtet er som vanleg ope for alle, og styret ser gjerne at folk stiller i lusekofta eller strikkatrøya!
Les heile saka
Onsdag 30. november inviterer Tordenskjold songlag til førjulskveld i Todalen Ungdomshus. Dei tykkjer det er stas å ha konserter uti smågrendene, skriv leiar i koret Elsa Kvande i ein epost. -Og denne gong med eit besøk i Todalen.
Les heile saka
Etter værmeldinga har det vore varsel om høg vasstand i dag, med 50 cm over normal vasstand her på Indre Nordmøre. Men det vart slett ingen rekord, sjølv om det etter kvart vart mykje vatn
Les heile saka
Like sikkert som at det er berre eit par veker til advent, så inviterer Todalen historielag til bokslepp for sitt nye årsskrift komande laurdag kl 14.00. Det nye årsskriftet er nummer 16 i rekkja, og som vanleg er det mykje godt og historisk stoff som blir presentert i det nye årsskriftet, fortel leiar John Moe til Todalen.no.
Les heile saka
Brukar vi ostehøvelen på forsvarsbudsjettet år etter år, til det ikkje er noko igjen – eller går vi mot avvikling av det nasjonale forsvaret av Noreg? Dette var sentrale spørsmål som Lars Myraune stilla da han heldt foredrag for eit lydhørt publikum i Svorkasalen måndag kveld. Det var Indre Nordmøre Forsvarsforening som var arrangør og som hadde skaffa seg presidenten i Norges Forsvarforening, Lars Myraune, som foredragshaldar.
Les heile saka
Svein Sæter vil fortelje historia om ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar på kulturhuset onsdag kl.11. Han har nyleg kome med ei bok om Einar Sverdrup (1895–1942); direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen – og byen sjølv – blei livsverket hans. Ingenting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.
Les heile saka
Ved Kårvatn Fjellutstyr inviteres det til vintersal til neste helg – salet startar laurdag 19. og varer til og med tysdag 22. november. Da er det duka for å gjera ein skikkeleg godhandel med opptil 70 % rabatt. Det blir gode tilbod på utgåtte skimodellar, soveposer, klær, fjellsko, stavar, skredutstyr, dunjakkar og mykje meir.
Les heile saka